No kjem dei faglege råda for skjermbruk blant born og unge
Dei nasjonale skjermråda for born, unge og føresette er klare. Bruk av skjerm for born er svært omdiskutert, og det er knytt spenning til dei endelege råda.
Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) og barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap) skal i dag presentera dei endelege nasjonale faglege råda for skjermbruk blant born, unge og føresette saman med helsedirektør Cathrine M. Lofthus.
Forslag til råda var på høyring i haust. Helsedirektoratet føreslo då null skjerm for born under to år, mellom ein halv og ein heil time dagleg for barn mellom to og fem år, og éin til halvannan time for dei mellom seks og tolv år.
For dei eldste barna, mellom 13 og 18 år, blir det tilrådd at skjermbruk bør avgrensast til inntil tre timar. Det gjeld bruk på fritida.
Det har vore stort engasjement rundt bruk av skjerm for born. Forslaget gjeld undervisninga på småskulen, frå fyrste til fjerde trinn.
Ni av ti
Blant lærarar, foreldre, skular, kommunar og organisasjonar sa ni av ti i høyringsrunden ja til at bruken av skjerm skal vera særskilt varsam i undervisninga av dei yngste i skulen. Til saman 1700 personar svarte på høyringa, som gjekk ut i slutten av august i fjor.
Bakgrunnen for utarbeiding av råda er undersøkinga Skule-Noreg, som vart gjort hausten 2024. Her svarer 15 prosent av skuleleiarane at det i halvparten av timane berre blir brukt skjerm. 6 prosent av skuleleiarane svarer at det i fleirtalet av timane berre blir brukt skjerm.
– Dei aller fleste skuleleiarane og lærarar rapporterer om balansert bruk av digital teknologi i grunnskulen. Me ser likevel at det kan vera behov for å gjera tydeleg at læreplanverket ikkje stiller krav om at kvar elev må ha si eiga personlege eining for å arbeida med faga på dei lågaste trinna, og at digital teknologi skal brukast med aktsemd for dei yngste elevane, skreiv Utdanningsdepartementet i høyringsbrevet.
I høyringa vart det føreslått at ein skal leggja til ein tekst i læreplanverket om at digitale einingar skal brukast «særskilt varsamt» og ikkje dominera undervisninga for elevar på fyrste til fjerde trinn. Dette blir også uttrykt eksplisitt i teksten som handlar om digitale ferdigheiter, for å gjera dette tydeleg.
Skeptiske
Sjølv om eit stort fleirtal har vore positive til forslaget, har lærarorganisasjonane vore skeptiske.
Utdanningsforbundets sentralstyre uttaler at dei er sterke imot dei føreslåtte endringane. Dei understrekar mellom anna prinsippet om metodefridommen til læraren og det lokale handlingsrommet.
Torsdag blir altså dei endelege råda presenterte.
Tala viser solid vekst: – Det er jo heilt topp!
FAU-foreldre på Voss samlar kreftene: – Greitt å ha nokon å lena seg på
Undersøkte foreldra sine meiningar om smarttelefon: – Har fått ein del kommentarar
Vil droppa smarttelefon før ungdomsskulen: – Å stå meir saman er viktig for oss foreldre
🔗 Related Articles (29)
View Graph