Nye skjermråd: Born under 12 år bør unngå internett utan tilsyn
Regjeringa meiner at barn under 12 år ikkje bør ha tilgang til internett utan tilsyn frå vaksne.
– Barna våre må ikkje overlatast til algoritmar og teknologiselskap åleine, seier barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap) i ei pressemelding.
I dei nye nasjonale skjermråda skriv regjeringa at trygg bruk inneber at vaksne bør unngå at barn har tilgang til internett utan tilsyn og foreldrekontroll dersom barnet brukar skjerm og er under 12 år, skriv regjeringa i ei pressemelding.
– Regjeringa er oppteken av å sikra borna våre ein trygg digital oppvekst. Derfor har det vore viktig å få på plass nasjonale, faglege skjermråd som kan bidra til hjelp og støtte til foreldre og andre vaksne som skal ta stilling til skjermbruken til borna, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap).
Dei to statsrådane og helsedirektør Cathrine M. Lofthus la fram dei nasjonale skjermråda torsdag. Dei er baserte på råda som vart presenterte av Helsedirektoratet i juni i fjor. Etter det har det vore ein høyringsrunde der det har kome inn over 3500 innspel.
Råda tilrår avgrensa skjermtid for born på fritida. Born under to år bør unngå skjermtid heilt, og vaksne som er saman med dei, blir også tilrådde å avgrensa skjermbruken sin.
Styresmaktene tilrår også at barn under tolv år som brukar skjerm, ikkje har tilgang til internett utan tilsyn og foreldrekontroll.
Fakta om nasjonale skjermråd
- Barn under 2 år bør unngå skjermbruk heilt, og vaksne som er saman med dei, bør avgrensa skjermbruken sin.
- Barn mellom 2 og 5 år bør maksimalt bruka 0,5–1 time per dag på fritida, gjerne mindre.
- Barn mellom 6 og 12 år bør maksimalt bruka 1–1,5 time per dag på fritida, gjerne mindre.
- Ungdom mellom 13 og 18 år bør maksimalt bruka 1,5–3 time per dag på fritida, gjerne mindre.
- Vaksne bør unngå at barn har tilgang til internett utan tilsyn og foreldrekontroll dersom barnet er under 12 år.
(Kjelde: Regjeringa, Helsedirektoratet)
📰 Same Event Coverage (1 articles)
These articles appear to cover the same news event, detected by different methods: