Ein mann i 30-Ära dÞydde torsdag ettermiddag. Han vart funnen i klem under ein bil pÄ ei privat adresse i Vaksdal kommune.
Politiet vart varsla om hendinga klokka 13.19 torsdag ettermiddag. PÄrÞrande er varsla. Alle naudetatar rykte ut til staden og det blei sett i gang fÞrstehjelp.
â Men livet stod dessverre ikkje til Ă„ redde og mannen vart erklĂŠrt dĂžd pĂ„ staden klokka 13.42, opplyser operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt.
Politiet meiner hendinga er ei ulukke der mannen har jobba med bilen og hamna i klem under.
Det er ikkje mistanke om at det har skjedd noko straffbart. Politiet har likevel gjort undersÞkingar og avhÞyr pÄ staden. Det blir oppretta sak pÄ hendinga, og avdÞde vil bli send til obduksjon.