Herold

Korleis stÄr det til med beredskapen i forkant av cruisesesongen?

Kilde: NRK Author: Regine Engelina Hatvik Published: 2026-05-10 18:30:02
Helsedirektoratet om cruiseferie: – Ganske trygt

Trass cruiseskipet «Hondius» sitt utbrot av hantavirus, er ikkje Helsedirektoratet uroa for eit liknande scenario i Noreg.

Saka oppsummert:

  • Helsedirektoratet er ikkje uroa for at eit liknande virusutbrot vil skje i Noreg.
  • Smitteutbrot pĂ„ cruiseskip i Noreg omhandlar vanlegvis ufarlege magevirus eller influensa.
  • Noreg har utpeikte beredskapshamner og system for overvaking og varsling, for Ă„ handtere eventuelle smitteutbrot pĂ„ cruiseskip langs kysten.

I fjor tok Noreg imot over 1,6 millionar cruiseturistar fordelt pÄ drygt 3900 anlÞp langs norskekysten.

Det gjorde 2025 til eit rekordÄr for cruiseaktivitet i landet, opplyser Kystverket.

I april braut det ut hantavirus blant passasjerane pÄ cruiseskipet «Hondius».

Fleire spÞr seg no om den norske beredskapen er god nok dersom noko tilsvarande skulle skje med eit cruiseskip i vÄre farvatn.

SÞndagsmorgon blei passasjerar frÄ det virusrÄka cruiseskipet evakuert utanfor hamna Granadilla sÞraust pÄ Tenerife.

Norske beredskapshamner pÄ plass

Det er lite truleg at eit liknande scenario vil skje i Noreg, ifĂžlge Knut Berglund, avdelingsdirektĂžr i Helsedirektoratet.

– Risikoen vil vere veldig liten. Det er eit virus som tradisjonelt hĂžyrer heime i ein annan verdsdel, sĂ„ at det skal komme til Noreg har eg lita tru pĂ„, seier han til NRK.

– Samtidig har vi gode system for varsling og overvaking for Ă„ kunne ivareta ei slik hending dersom det skulle skje, legg han til.

Berglund understrekar at det er eit godt internasjonalt samarbeid pÄ plass for Ä kunne handtere slike situasjonar.

Knut Berglund, avdelingsdirektÞr i Helsedirektoratet, er trygg pÄ at ein liknande situasjon i Noreg er usannsynleg.

Det vanlegaste er smitteutbrot av norovirus og influensa om bord pÄ cruiseskip i Noreg, ifÞlge avdelingsdirektÞren.

– NĂ„r det kjem sĂ„ mange menneske saman, er det risiko for smitteutbrot, men det er ofte snakk om veldig ufarlege magevirus, seier Berglund.

Dersom eit smittsamt utbrot pÄ eit cruiseskip skjer pÄ ein mindre stad i Noreg, har stÞrre byar ansvar for Ä ivareta som beredskapshamner.

– Noreg har hamner som internasjonalt er peikte ut til Ă„ handtere beredskapshendingar pĂ„ cruisebĂ„tar, seier avdelingsdirektĂžren.

Er sommarferien trygg?

Dersom du har planlagt utanlandsferie i sommar kan du senke skuldrene.

Hantavirusinfeksjonar og smitte mellom menneske er sjeldan pÄ verdsbasis, ifÞlge Verdas helseorganisasjon (WHO).

– Det er ingen reiserestriksjonar grunna hanta- eller andesvirus, men generelt bĂžr ein unngĂ„ kontakt med gnagarar og ekskrement frĂ„ dei nĂ„r ein er pĂ„ reise, skriv Folkehelseinstituttet (FHI) pĂ„ sine nettsider.

Passasjerane ved MS «Hondius» blei tatt i mot av personell i smittevernutstyr dÄ cruiseskipet kom til Tenerife sÞndagsmorgon.

Generelt er det auka risiko for smittefare pÄ cruiseskip ettersom mange menneske oppheld seg tett over tid, men det er for augneblinken ingen restriksjonar for cruisereiser.

– Eg vil tenke at det er ganske trygt, og eg hadde ikkje vore uroa dersom det var eg som skulle bestille ein cruisetur, seier Berglund til NRK.

HÞyr podkastepisoden frÄ Oppdatert som tar for seg det virusrÄka skipet pÄ Tenerife:

Det er ingen teikn til auka risiko for smitte for folk pÄ reise, og reiser kan halde fram som normalt, ifÞlge USAs folkehelseinstitutt (CDC).

Situasjonen med hantavirus blir nÞye overvaka av norske myndigheiter, WHO og Det europeiske smittevernbyrÄet (ECDC), saman med andre europeiske land.

– Dette er ikkje ein ny covid, trygga WHO-sjef Tedros Adhanom Ghebreyesus i ei frĂ„segn laurdag.

WHO-sjefen var pÄ plass pÄ Tenerife dÄ det virusrÄka skipet kom til Þya.

đŸ·ïž Extracted Entities (19)

Noreg (entity) Knut Berglund (person) Cruiseturisme 📁 (category) Helsedirektoratet (entity) Hondius (entity) Norge 📁 (category) Reiseliv og turisme 📁 (category) Tenerife (entity) WHO (entity) Folkehelseinstituttet FHI (organization) Kystverket (entity) Verdas helseorganisasjon (organization) CDC (entity) ECDC (entity) Granadilla (entity) MS (entity) Tedros Adhanom Ghebreyesus (person) USA (entity) USAs folkehelseinstitutt (organization)

📊 Metadata

Category: Cruiseturisme, Reiseliv og turisme, Norge
OpenGraph Title: Korleis stÄr det til med beredskapen i forkant av cruisesesongen?
Twitter Title: Korleis stÄr det til med beredskapen i forkant av cruisesesongen?