Fleirtal for å behalde flytilbodet
Plus
Stortinget tvingar regjeringa til å oppretthalde rutetilbodet på kortbanenettet.
(FIRDA:) Alle parti utanom Arbeidarpartiet har samla seg om eit forslag for å oppretthalde FOT-rutene i Sør-Norge.
Det opplyser ei kjelde frå det politiske miljøet til Firda.
Sidan regjeringa la fram forslag til nye FOT-ruter, har det vore stor usikkerheit knytt til flytilbodet i Sogn og Fjordane. Anbodet la nemleg opp til ein reduksjon i kapasiteten, noko som mellom anna ville resultert i 5000 færre flysete årleg frå Bringeland.
Reaksjonane lét ikkje vente på seg. Saka har skapt engasjement blant politikarar, næringslivstoppar og innbyggarar. Seinast måndag vart det arrangert protestmøte på Bringeland, der kampviljen gjennomsyra stemninga.
No skal altså protestantane frå Sunnfjord ha nådd til topps.
Ifølge kjelda Firda har snakka med, er det særleg Høgre og Senterpartiet som tok initiativet til forslaget, som pressar regjeringa til å måtte kome med eit nytt anbodsgrunnlag som sikrar at rutetilbodet blir oppretthalde.
Etter det Firda erfarer, vil det bli kalla inn til pressemøte onsdag føremiddag der partia vil presentere løysinga.
Klokka 07.30 fekk Firda invitasjon til pressekonferanse klokka 09.15 om flytilbodet i Sør-Norge. Desse vil vere til stades:
🔗 Related Articles (2)
View Graph