Herold

Fleirtal for å behalde flytilbodet

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Sindre Osland Yndestad, Firda / Svend Arne Vee, Firdaposten Published: 2026-05-13 04:56:48
Fleirtal for å behalde flytilbodet

Stortinget tvingar regjeringa til å oppretthalde rutetilbodet på kortbanenettet.

FIRDA: Alle parti utanom Arbeidarpartiet har samla seg om eit forslag for å oppretthalde FOT-rutene i Sør-Norge.

Det opplyser ei kjelde frå det politiske miljøet til Firda, og det blir stadfesta av Kinn-ordførar Bengt Solheim-Olsen.

Sidan regjeringa la fram forslag til nye FOT-ruter, har det vore stor usikkerheit knytt til flytilbodet i Sogn og Fjordane. Anbodet la nemleg opp til ein reduksjon i kapasiteten, noko som mellom anna ville resultert i 5000 færre flysete årleg frå Bringeland, og eit kutt på over 30 prosent i Florø. Viss regjeringas kuttforslag gjekk gjennom, ville Florø lufthamn fått berre to daglege avgangar til Oslo.

Reaksjonane lét ikkje vente på seg. Saka har skapt engasjement blant politikarar, næringslivstoppar og innbyggarar. Seinast måndag vart det arrangert protestmøte på Bringeland, der kampviljen gjennomsyra stemninga.

No skal altså protestane frå Sunnfjord ha nådd til topps.

I følge kjelda Firda har snakka med, er det særleg Høgre og Senterpartiet som tok initiativet til forslaget, som pressar regjeringa til å måtte kome med eit nytt anbodsgrunnlag som sikrar at rutetilbudet blir oppretthalde.

Etter det Firda erfarer, vil det bli kalla inn til pressemøte onsdag føremiddag der partia vil presentere løysinga.

Firdaposten har vore i kontakt med Kinn-ordførar Bengt Solheim-Olsen onsdag morgon klokka sju onsdag. Han stadfestar det Firda også erfarer, og det vil truleg bli ein pressekonferanse like over klokka ni i dag.

Her kan du lese tidlegare saker:

Han har starta underskriftskampanje for flytilbodet

Han radbrekker grunnlaget for flykutta: – Urettferdig og ufornuftig

Flyr høgt: Vil overkøyre Ap igjen

Fylkesordføraren reagerer på flykutt: – No er det berre ein måte å løyse dette på

By og land, ingen band?

Nygård viker ikkje: Held på flykutt trass i protestar

Vestland tek opp kampen om flyrutene: Vil tvinge regjeringa til å snu

MDG-Dalin meiner flyrutene til Oslo må styrkast, ikkje svekkast

Frp-Lillestøl reagerer: – Med geografien vi har, er fly heilt naturleg

Kinn-ordføraren på barrikadane om flyrutene: – No er eg fly forbanna

– Dette er totalt uakseptabelt. Kysten taper igjen

🔗 Related Articles (2)

View Graph
Stortinget stoppar regjeringas flykutt
Firda · 2026-05-13 07:17:27 +
Arbeidarpartiet Sør-Norge Erling Sande Ap FOT Fjordane Oslo Senterpartiet Sogn Stortinget Venstre-leiar Guri Melby Vestlandet
Fleirtal for å behalde flytilbodet
Sogn Avis · 2026-05-13 06:16:49 +
Firda Bringeland FOT Sør-Norge Arbeidarpartiet FIRDA: Fjordane Høgre Senterpartiet Sogn Sunnfjord

🏷️ Extracted Entities (14)

FIRDA (entity) Bringeland (place) FOT (entity) Florø (entity) Oslo (place) Ap (entity) Arbeidarpartiet (entity) Fjordane (entity) Høgre (entity) Kinn-ordførar Bengt Solheim-Olsen (organization) Senterpartiet (entity) Sogn (entity) Sunnfjord (place) Sør-Norge (entity)