Herold

Fleirtal for å behalde flytilbodet

Plus
Kilde: Firda Author: Sindre Osland Yndestad Published: 2026-05-13 03:00:00
Fleirtal for å behalde flytilbodet

Stortinget tvingar regjeringa til å oppretthalde rutetilbodet på kortbanenettet.

Alle parti utanom Arbeidarpartiet har samla seg om eit forslag for å oppretthalde FOT-rutene i Sør-Norge.

Det opplyser ei kjelde frå det politiske miljøet til Firda.

Sidan regjeringa la fram forslag til nye FOT-ruter, har det vore stor usikkerheit knytt til flytilbodet i Sogn og Fjordane. Anbodet la nemleg opp til ein reduksjon i kapasiteten, noko som mellom anna ville resultert i 5000 færre flysete årleg frå Bringeland.

Reaksjonane lét ikkje vente på seg. Saka har skapt engasjement blant politikarar, næringslivstoppar og innbyggarar. Seinast måndag vart det arrangert protestmøte på Bringeland, der kampviljen gjennomsyra stemninga.

No skal altså protestantane frå Sunnfjord ha nådd til topps.

Ifølge kjelda Firda har snakka med, er det særleg Høgre og Senterpartiet som tok initiativet til forslaget, som pressar regjeringa til å måtte kome med eit nytt anbodsgrunnlag som sikrar at rutetilbodet blir oppretthalde.

Etter det Firda erfarer, vil det bli kalla inn til pressemøte onsdag føremiddag der partia vil presentere løysinga.

Klokka 07.30 fekk Firda invitasjon til pressekonferanse klokka 09.15 om flytilbodet i Sør-Norge. Desse vil vere til stades:

  • Ine Eriksen Søreide (H)
  • Trygve Slagsvold Vedum (Sp)
  • Bård Hoksrud (Frp)
  • Anne Lise Fredlund (SV)
  • Marius Dalin (MDG)
  • Remi Sølvberg (R)
  • Jørgen Kristiansen (KrF)
  • Guri Melby (V)

Her kan du lese tidlegare saker:

– Viss ikkje dei kjenner på presset, skjer det ingenting

Desse rasar mot «eigne» kutt: – Vi er ikkje med på dette

Ut mot flykutt: – Blir fullstendig avskorne

Flyr høgt: Vil køyre over Ap igjen

Fylkesordføraren reagerer på flykutt: – No er det berre ein måte å løyse dette på

Nektar å stanse fly-kutta

Pressar på for å få regjeringa til å snu i flyplass-saka

Følling er forvirra: Meiner staten styrer etter feil tal

Staten vil vidareføre FOT-ruter, men billettprisane aukar

🔗 Published by 3 sources - Compare:

THIS SOURCE Firda PLUS
Fleirtal for å behalde flytilbodet
Sindre Osland Yndestad · 2026-05-13 03:00:00
Stortinget tvingar regjeringa til å oppretthalde rutetilbodet på kortbanenettet.
Fleirtal for å behalde flytilbodet
Sindre Osland Yndestad, Firda / Svend Arne Vee, Firdaposten · 2026-05-13 04:56:48
Stortinget tvingar regjeringa til å oppretthalde rutetilbodet på kortbanenettet.
Fleirtal for å behalde flytilbodet
Sindre Osland Yndestad · 2026-05-13 06:16:49
Stortinget tvingar regjeringa til å oppretthalde rutetilbodet på kortbanenettet.

🏷️ Extracted Entities (18)

FOT (entity) Bringeland (place) Sør-Norge (entity) Anne Lise Fredlund SV (organization) Ap (entity) Arbeidarpartiet (entity) Bård Hoksrud Frp (person) Fjordane (entity) Guri Melby V (person) Høgre (entity) Ine Eriksen Søreide H (person) Jørgen Kristiansen KrF (organization) Marius Dalin MDG (organization) Remi Sølvberg R (person) Senterpartiet (entity) Sogn (entity) Sunnfjord (place) Trygve Slagsvold Vedum Sp (person)