Herold

Førdefjorden-saka opp for Høgsterett i april

Kilde: Sogn Avis Author: NPK-NTB Published: 2026-01-06 19:04:26
Førdefjorden-saka opp for Høgsterett i april

Høgsterett skal behandle Førdefjorden-saka i april. Lagmannsretten slo i september fast at dumpinga av gruveavfall i Førdefjorden er ulovleg.

Løyva var gitt i strid med EUs vassdirektiv og vassforskrift, konkluderte Borgarting lagmannsrett. Det skjedde etter søksmål frå Naturvernforbundet og Natur og Ungdom.

Efta-domstolen gav i ein rådgivande uttale i mars miljøorganisasjonane medhald.

Staten varsla i desember at dei ankar dommen.

– Staten anka dommen fordi det er prinsipielt viktig med ei tydeleg avklaring frå Høgsterett i denne saka. Vi ser fram til at Høgsterett no skal behandle henne, sa klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) til NTB då.

Saka skal behandlast i Høgsterett 27. april til 5. mai, skriv NRK.

Miljøorganisasjonane har sidan 2008 kjempa for å hindre at selskapet Nordic Mining skal kunne deponere gruveavfall frå verksemda si i Engebøfjellet i Førdefjorden. Både norske og internasjonale aktørar har frårådd prosjektet.

Engebøfjellet ved Førdefjorden inneheld Noregs største kjende førekomst av rutil, som blir brukt til utvinning av titandioksid (E171) og granat.

Etter mange års utsetjingar starta Nordic Mining gruvedrift på fjellet like før jul i 2024.

📰 Same Event Coverage (1 articles)

These articles appear to cover the same news event, detected by different methods:

🏷️ Extracted Entities (13)

Høgsterett (entity) Førdefjorden (entity) Nordic Mining (person) Andreas Bjelland Eriksen Ap (person) Borgarting (entity) E171 (entity) EU (entity) Engebøfjellet (entity) NRK. Miljøorganisasjonane (organization) Natur (entity) Naturvernforbundet (entity) Noregs (entity) Ungdom (entity)