NRK: Førdefjorden-saka opp for Høgsterett i april
Høgsterett skal behandle Førdefjorden-saka i april. Lagmannsretten slo i september fast at dumpinga av gruveavfall i Førdefjorden er ulovleg.
Løyva var gitt i strid med EUs vassdirektiv og vassforskrift, konkluderte Borgarting lagmannsrett. Det skjedde etter søksmål frå Naturvernforbundet og Natur og Ungdom.
Efta-domstolen gav i ein rådgivande uttale i mars miljøorganisasjonane medhald.
Staten varsla i desember at dei ankar dommen.
– Staten anka dommen fordi det er prinsipielt viktig med ei tydeleg avklaring frå Høgsterett i denne saka. Vi ser fram til at Høgsterett no skal behandle henne, sa klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) til NTB då.
Saka skal behandlast i Høgsterett 27. april til 5. mai, skriv NRK.
Miljøorganisasjonane har sidan 2008 kjempa for å hindre at selskapet Nordic Mining skal kunne deponere gruveavfall frå verksemda si i Engebøfjellet i Førdefjorden. Både norske og internasjonale aktørar har frårådd prosjektet.
Engebøfjellet ved Førdefjorden inneheld Norges største kjende førekomst av rutil, som blir brukt til utvinning av titandioksid (E171) og granat.
Etter mange års utsetjingar starta Nordic Mining gruvedrift på fjellet like før jul i 2024.
Snart vil det myldre av toppolitikarar og næringslivstoppar i Førde
Kallar anken for «økonomisk trakassering»
Vann rettssaka – likevel ankar Nordic Mining
Harald Kvame har gått bort. – Vi har mista ei drivkraft i Sunnfjord
Gjer reality-debut: – Skummelt
Oppdrettsnabo om sjødeponiet: – Rettssaka var eit halmstrå
🔗 Published by 2 sources - Compare:
📰 Same Event Coverage (1 articles)
These articles appear to cover the same news event, detected by different methods: