Fastlege i Alver Halvard Martin Aag vann over staten i sak om refusjonskrav
Fastlegen mÄtte betale tilbake 1,2 millionar kroner for Ä ha brukt for lang tid med pasientane. No har han vunne i retten.
â Det Ă„ kunne kjenne at ein blir trudd til slutt var jo kanskje den beste julegĂ„va eg kunne fĂ„tt.
Fastlege Halvard Martin Aag beskriv dei siste Ära som eit mareritt.
For tre Är sidan fekk legen frÄ Alver eit krav om Ä betale tilbake over ein million kroner til staten for det dei meinte var mangelfull dokumentasjon av tidsbruk og ultralyd.
Han var ikkje samd i vurderinga, og med stÞtte frÄ Legeforeningen tok han staten til retten.
Dei meinte fastlegen hadde dokumentert tidsbruken sin i trÄd med vanleg praksis for journalfÞring.
Tysdag kom dommen frÄ Oslo tingrett, som gir han medhald i nÊr alle refusjonskrava.
Legeforeningen meiner dommen viser at det mÄ vere rom for fagleg skjÞnn nÄr legar loggfÞrer mÞter med pasientane sine.
â Det Ă„ kunne mĂžte pasienten med blikket, og la pasienten fĂžle at dei fĂ„r fram bodskapen utan Ă„ avbryte har vore ein uvurderleg kvalitet som eg har bygd mykje av praksisen min pĂ„.
Helfo-refusjonar
- Det norske helserefusjonssystemet er bygd pÄ tillit. Det betyr at Helfo tar utgangspunkt i at helsepersonell sender riktige krav, skriv dei pÄ sine nettsider.
- Det er ein forutsetning at dato og tidspunkt for behandlinga skal fremgÄ av refusjonskravet, opplyser Helfo.
- Ved innsending av refusjonskrav blir det gjennomfÞrt automatiske kontrollar for Ä unngÄ feilutbetalingar.
- Ved mistanke om urettmessige utbetalingar kan Helfo starte sÄkalla etterkontroll «pÄ grunnlag av risiko for feil».
- Etter kontrollen kan helsepersonell fÄ pÄlegg om Ä endre praksis for refusjonar, eller fÄ krav om Ä betale tilbake utbetalte pengar frÄ staten. Ved alvorlege forhold og tillitsbrot kan ein miste retten til Ä «praktisere for trygdens regning» i inntil fem Är.
- I alvorlege saker der Helfo mistenker Ăžkonomisk kriminalitet, kan helsepersonellet bli meld til politiet.
â Viktig siger for alle fastlegar
Presidenten Anne-Karin Rime i Legeforeningen meiner sigeren er viktig for fastlegar i heile landet.
â Det er fordi at retten i alt vesentleg gav medhald i at det medisinske skjĂžnnet skal vere avgjerande i mĂžte med pasientane, og at det mĂ„ vere rom for Ă„ ta grundige undersĂžkingar av pasienten, seier Rime.
Saka til fastlegen i Alver fÞyer seg inn i ei rekke saker kor legar har fÄtt krav frÄ Helfo om tilbakebetalingar.
I denne saka meinte Helfo at fleire av refusjonskrava til staten ikkje viste godt nok tidsbruken med pasientane.
Staten peikte pÄ at det er viktig Ä ha kontroll med legane sin tidsbruk og refusjonskrava.
Aag fekk bistand frÄ advokatar i Legeforeningen. Det er fÞrste gong dei har hjelpt ein lege pÄ denne mÄten i ei sak mot staten der grunnlaget for tidstakstar skal prÞvast.
Dei meiner Helfo og Helseklage er blitt for strenge nÄr dei fÞrer tilsyn av fastlegar.
Presidenten Anne-Karin Rime i Legeforeningen meiner sigeren er viktig for fastlegar i heile landet.
Vurderer anke
Staten kravde refusjon for 17 rekningar. Retten gav legen medhald i tolv av dei, og frikjende staten for dei resterande.
Likevel ser bÄde Legeforeningen og Aag pÄ domen som ein siger.
Retten har gitt dei medhald i det som er prinsipielt viktig, meiner advokat i Legeforeningen, Ăyvind Anmarkrud.
â Det mĂ„ vere rom for at fastlegar brukar sitt medisinske skjĂžnn i mĂžte med pasientane, som ved val av samtaleteknikkar, bruk av metodar og om pasientane fĂ„r ta opp fleire problemstillingar i same konsultasjon.
Han understrekar at det i nokre saker har vore riktig Ă„ fĂžre tilsyn, fordi legar har brukt takstane feil. Han meiner derimot at Helfo i fleire saker har vore for strenge til dokumentasjonskrav.
Legeforeningen hÄpar denne saka kan bidra til ei kursendring der Helfo i stÞrre grad nyanserer kontrollpraksisen, og lyttar meir til legane.
Regjeringsadvokat Sverre Runde vurderer om dei skal anke.
â Staten tar til etterretning at tingretten meiner vedtaket er ugyldig for 12 av desse. Det er ein lang dom, som vi no mĂ„ lese grundig for Ă„ vurdere ein eventuell anke, skriv han til NRK.
I tillegg til medhald i dei fleste refusjonskrava, er staten ved Helse- og omsorgsdepartementet dÞmt til Ä erstatte Aag sine sakskostnadar pÄ 374 100 kroner.