Herold

Fann ei rekke brot og manglar i kontroll

Plus
Kilde: HF Author: Inga Øygard Jaastad Published: 2025-12-09 11:07:05
Fann ei rekke brot og manglar i kontroll

Måndag gjennomførte Statens vegvesen kontroll på Haukelifjell med fokus på tunge køyretøy.

Særleg såg vegvesenet på vinterutrustning på tunge køyretøy og varebilar på E 134.

– Dekk og kjetting på tunge køyretøy har vore fokusområde, melder vegvesenet i ein e-post.

I alt mangla fire førarar kjettingar og fekk gebyr. Ein varebil var i ferd med å miste eit hjul, som måtte trekkast til før vidare køyring til verkstad for reparasjon.

Eitt føretak fekk 8000 kroner i gebyr for manglande bombrikkeavtale og eit anna føretak blir meld til politiet for ikkje å ha montert fartsskrivar.

Fem av dei tunge køyretøya fekk teknisk mangellapp, det same fekk fire av varebilane.

– Dei aller fleste hadde alt under kontroll i dagens kontroll, og det var god stemning på kontrollplassen, rapporterer SVV.

60 tunge køyretøy var innom kontrollplassen. Elleve fekk bruksforbod, 16 hadde skriftlege manglar. Seks fekk kjettinggebyr. To sjåførar hadde brot på køyre- og kviletid.

🔗 Published by 2 sources - Compare:

THIS SOURCE HF PLUS
Fann ei rekke brot og manglar i kontroll
Inga Øygard Jaastad · 2025-12-09 11:07:05
Måndag gjennomførte Statens vegvesen kontroll på Haukelifjell med fokus på tunge køyretøy.
Fann ei rekke brot og manglar i kontroll
Inga Øygard Jaastad · 2025-12-09 12:08:44
Måndag gjennomførte Statens vegvesen kontroll på Haukelifjell med fokus på tunge køyretøy.