Herold

Fann ei rekke brot og manglar i kontroll

Plus
Kilde: Haugesund avis Author: Inga Øygard Jaastad Published: 2025-12-09 12:08:44
Fann ei rekke brot og manglar i kontroll

Måndag gjennomførte Statens vegvesen kontroll på Haukelifjell med fokus på tunge køyretøy.

E 134 [Hardanger Folkeblad]: Særleg såg vegvesenet på vinterutrustning på tunge køyretøy og varebilar på E 134.

– Dekk og kjetting på tunge køyretøy har vore fokusområde, melder vegvesenet i ein e-post.

I alt mangla fire førarar kjettingar og fekk gebyr. Ein varebil var i ferd med å miste eit hjul, som måtte trekkast til før vidare køyring til verkstad for reparasjon.

Eitt føretak fekk 8000 kroner i gebyr for manglande bombrikkeavtale og eit anna føretak blir meld til politiet for ikkje å ha montert fartsskrivar.

Fem av dei tunge køyretøya fekk teknisk mangellapp, det same fekk fire av varebilane.

*– Dei aller fleste hadde alt under kontroll i dagens kontroll, og det var god stemning på kontrollplassen, rapporterer SVV. *

60 tunge køyretøy var innom kontrollplassen. Elleve fekk bruksforbod, 16 hadde skriftlege manglar. Seks fekk kjettinggebyr. To sjåførar hadde brot på køyre- og kviletid.