Herold

Opnar ny skadepoliklinikk på dagtid for Årdal, Lærdal og Aurland – resten må til Førde

Plus
Kilde: Firda Author: Wenche Schanke Eikum Published: 2026-05-20 14:41:41
Opnar ny skadepoliklinikk på dagtid for Årdal, Lærdal og Aurland –  resten må til Førde

Styret i Helse Førde fekk onsdag orientering om den nye skadepoliklinikken i Lærdal som skal opne 1. juni.

(SOGN AVIS): Det nye skadepolikliniske tilbodet skal sikre at pasientar med lette og moderate skadar kan få behandling lokalt. Samstundes skal pasientar med meir alvorlege skadar raskt komme til rett behandlingsnivå, anten ved Førde sentralsjukehus eller Haukeland universitetssjukehus.

Skadepoliklinikken i Lærdal vil vere open på dagtid alle kvardagar, og skal vere bemanna med ortopedisk overlege frå Førde sentralsjukehus, skriv helseføretaket i ei pressemelding.

Ulik praksis nord og sør for Sognefjorden

Tilbodet er ikkje for alle i Indre Sogn. Pasientar med adresse sør for Sognefjorden (Lærdal, Årdal og Aurland) får på dagtid og kvardagar behandling for lette og moderate skadar ved skadepoliklinikken i Lærdal. Ved alvorlege skadar, eller skadar som krev innlegging eller akutt operasjon, skal desse pasientane til Førde.

Dei som bur nord for Sognefjorden skal som hovudregel til Førde sentralsjukehus heile døgnet dersom det er behov for spesialisthelsetenester. På kveld, natt og i helg skal legevakt vurdere alle pasientar og eventuelt sende dei vidare til Førde.

Ved akutte skadar skal alle framleis ta kontakt med legevakt. Legevakta vurderer situasjonen og avklarer vidare oppfølging i dialog med ortopedisk fagmiljø. Målet er at pasientar ikkje skal måtte reise unødvendig langt, samstundes som alvorlege skadar får rask og trygg behandling, skriv helseføretaket.

Tett samarbeid med kommunane

Helse Førde har hatt dialog med Lærdal kommune og legevakta i forkant av oppstarten. Det er planlagt fleire samhandlingsmøte i tida framover for å justere ordninga, basert på erfaringar i drift.

– Dette er ei omlegging der det er avgjerande med godt samarbeid mellom sjukehuset og kommunane. Erfaringane frå dei første månadene blir viktige for å sikre eit godt og føreseieleg tilbod for pasientane, seier direktør for kirurgisk klinikk i Helse Førde, Bjørn Morten Øen.

Tilbodet skal evaluerast i dialog med kommunane første gong våren 2027.

🔗 Published by 2 sources - Compare:

THIS SOURCE Firda PLUS
Opnar ny skadepoliklinikk på dagtid for Årdal, Lærdal og Aurland – resten må til Førde
Wenche Schanke Eikum · 2026-05-20 14:41:41
Styret i Helse Førde fekk onsdag orientering om den nye skadepoliklinikken i Lærdal som skal opne 1. juni.
Opnar ny skadepoliklinikk på dagtid for Årdal, Lærdal og Aurland – resten må til Førde
Wenche Schanke Eikum · 2026-05-20 12:11:31
Styret i Helse Førde fekk onsdag orientering om den nye skadepoliklinikken i Lærdal som skal opna 1. juni.

🏷️ Extracted Entities (8)

Sognefjorden Lærdal (person) Styret i Helse Førde (organization) Aurland (place) Årdal (place) SOGN AVIS (organization) Bjørn Morten Øen (person) Haukeland (place) Indre Sogn (person)