Opnar ny skadepoliklinikk på dagtid for Årdal, Lærdal og Aurland – resten må til Førde
Plus
Styret i Helse Førde fekk onsdag orientering om den nye skadepoliklinikken i Lærdal som skal opna 1. juni.
Det nye skadepolikliniske tilbodet skal sikra at pasientar med lette og moderate skadar kan få behandling lokalt. Samstundes skal pasientar med meir alvorlege skadar raskt koma til rett behandlingsnivå, anten ved Førde sentralsjukehus eller Haukeland universitetssjukehus.
Skadepoliklinikken i Lærdal vil vera open på dagtid alle kvardagar, og skal vera bemanna med ortopedisk overlege frå Førde sentralsjukehus, skriv helseføretaket i ei pressemelding.
Ulik praksis nord og sør for Sognefjorden
Tilbodet er ikkje for alle i Indre Sogn. Pasientar med adresse sør for Sognefjorden (Lærdal, Årdal og Aurland) får på dagtid og kvardagar behandling for lette og moderate skadar ved skadepoliklinikken i Lærdal. Ved alvorlege skadar, eller skadar som krev innlegging eller akutt operasjon, skal desse pasientane til Førde.
Dei som bur nord for Sognefjorden skal som hovudregel til Førde sentralsjukehus heile døgnet dersom det er behov for spesialisthelsetenester. På kveld, natt og i helg skal legevakt vurdera alle pasientar og eventuelt senda dei vidare til Førde.
Ved akutte skadar skal alle framleis ta kontakt med legevakt. Legevakta vurderer situasjonen og avklarer vidare oppfølging i dialog med ortopedisk fagmiljø. Målet er at pasientar ikkje skal måtte reisa unødvendig langt, samstundes som alvorlege skadar får rask og trygg behandling, skriv helseføretaket.
Tett samarbeid med kommunane
Helse Førde har hatt dialog med Lærdal kommune og legevakta i forkant av oppstarten. Det er planlagt fleire samhandlingsmøte i tida framover for å justera ordninga, basert på erfaringar i drift.
– Dette er ei omlegging der det er avgjerande med godt samarbeid mellom sjukehuset og kommunane. Erfaringane frå dei første månadene blir viktige for å sikra eit godt og føreseieleg tilbod for pasientane, seier direktør for kirurgisk klinikk i Helse Førde, Bjørn Morten Øen.
Tilbodet skal evaluerast i dialog med kommunane første gong våren 2027.