Måtte ut med 3,75 millionar. Ankar til Høgsterett
Plus
Det gjer også gruveselskapet Nordic Mining.
Naturvernforbundet og Natur og Ungdom har anka sakskostnadene på 3,75 millionar kroner til Høgsterett etter å ha tapt i Gulating lagmannsrett mot gruveselskapet Nordic Mining sitt dotterselskap, Engebø Rutile and Garnet.
Anken kjem etter saka om mellombels stans av deponering i Førdefjorden. Anken vart levert fredag 15. mai.
Meiner dommen ikkje kan bli ståande
Det kjem fram i ei pressemelding frå dei to organisasjonane måndag.
– Dette er ein dom som ikkje kan bli ståande, seier Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet.
I tillegg til at dei to miljøvernorganisajonane anka saka til Høgsterett, har også gruveselskapet Nordic mining gjere det samme. Med andre ord er det duka for ein prinsipiell behandling av kostnadane knytt til miljøsaker rettssystemet.
For høge, eller for låge?
Engebø Rutile and Garnet har kravd 4,7 millionar kroner i sakskostander frå tingretten, og 3,8 millionar kroner i sakskostnader for runden i lagmannsretten. Dette vert til saman 8,5 millionar kroner. Deira anke går difor på at dei meiner dei idømde sakskostnadane er for låge.
Anken frå naturvernarane går naturleg nok på det motsette.
Dei peikar på at sakskostnadane er for høge:
Held på kravet om 8,5 millionar: – Eit prinsippspørsmål
Andre saker:
Lagmannsretten forkasta anken: – Glade og fornøgde
– Det er ein absurd dom
Gruva på Engebø: Har allereie lagt att hundrevis av millionar i Sunnfjord
🔗 Related Articles (1)
View Graph