Herold

Miljøorganisasjonar og gruveselskap ankar sakskostnader i Førdefjord-saka til Høgsterett

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: NPK-NTB Published: 2026-05-18 16:03:23
Miljøorganisasjonar og gruveselskap ankar sakskostnader i Førdefjord-saka til Høgsterett

Både miljøorganisasjonane og Nordic Mining ankar sakskostnadene på 3,75 millionar kroner i ei av Førdefjorden-rettssakene til Høgsterett.

Det dreier seg om rettsavgjerda frå Gulating lagmannsrett 15. april, der det vart slatt fast at dumpinga av gruveavfall i Førdefjorden får halda fram sjølv om hovudsøksmålet i saka er under behandling i Høgsterett. Dei to miljøorganisasjonane Naturvernforbundet og Natur og Ungdom merkte seg at lagmannsretten slo fast at utsleppsløyvet i seg sjølv er ugyldig, men valde likevel å tillata framleis gruvedumping.

Sjølv om dei to organisasjonane naturleg nok ikkje var nøgde med rettsavgjerda, valde dei fredag å anka berre sakskostnadene vidare til Høgsterett, skriv Naturvernforbundet i ei pressemelding.

– Gulating lagmannsrett har dømt oss til å betala 3,75 millionar til gruveselskapet, og det er eit soleklart brot på Århuskonvensjonen. Der står det at det ikkje skal vera uoverkommeleg dyrt å føra miljøsaker for retten. Dette er ein dom som ikkje kan bli ståande, seier Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet.

Årshuskonvensjonen tredde i kraft i 2001 og har vore gyldig i Noreg sidan 2003. Den dreier seg om korleis miljøsaker skal behandlast med tanke på informasjon, medverknad og domstolsprøving.

Også Nordic Mining har anka sakskostnadene frå dommen, stadfestar administrerande direktør Finn Ivar Marum overfor NTB. Dei kravde i utgangspunktet til saman 8,5 millionar kroner.

🔗 Related Articles (1)

View Graph
Måtte ut med 3,75 millionar. Ankar til Høgsterett
Firda · 2026-05-18 14:08:53 +
Høgsterett Engebø Rutile and Garnet Nordic Mining Førdefjorden Gulating Natur Naturvernforbundet Sunnfjord Truls Gulowsen Ungdom

🏷️ Extracted Entities (12)

Høgsterett (entity) Førdefjord (place) Naturvernforbundet (entity) Førdefjorden (entity) Nordic Mining (person) Finn Ivar Marum (person) Gulating (entity) Natur (entity) Noreg (entity) Truls Gulowsen (person) Ungdom (entity) Århuskonvensjonen (entity)