Herold

Kvinne med kneskade trong hjelp – redningsaksjon starta

Plus
Kilde: Firda Author: Idar Stadheim Published: 2026-05-18 14:25:47
Kvinne med kneskade trong hjelp – redningsaksjon starta

Ei kvinne i eit amerikansk turfølgje trong assistanse for å komme seg ned frå eit fjell i Luster. Ho er henta av Røde Kors, og teken til legevakt.

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder måndag ettermiddag om ein redningsaksjon i Luster, nærare bestemt i området Skjødnaklanten. Meldingane kom inn klokka 15.21.

Det er opplyst at to par frå USA er på tur i området, og at ei kvnne er påført ein skade i eit kne. Ho og turfølgjet treng difor hjelp for å komme ned tilbake til parkeringsplassen ved Molden.

Det er sett i gang ein redningsaksjon og posisjonen til følget er kjent, opplyser politiet

Lokalt Røde Kors er varsla og det er dei som etter kvart vil sende mannskap for hjelp. Like før klokka 17:00 opplyser politiet at turfølgjet er orientert om at Røde Kors er på veg fram til dei.

Amerikanarane er elles opplyst å ha både bra med utstyr og mat, og god batterikapasitet på mobilane sine.

Røde Kors er framme hos turfølgjet, opplyser politiet klokka 17:19.

Litt under ein time seinare vert det opplyst at turfølgjet og mannskapa frå Røde Kors er ned att på parkeringsplassen. Kvinna vert derifrå teken med til legevakt.

Aksjonen vert med det avslutta, melder politiets operasjonssentral.

Kart med ID 543282

Firda oppdaterer saka.

🔗 Related Articles (1)

View Graph
Måtte berga skadd kvinne
Sogn Avis · 2026-05-18 14:27:26 +
Frode Kolltveit Lokalt Røde Kors ID Luster Molden Skjødnaklanten USA Vest

🏷️ Extracted Entities (7)

Lokalt Røde Kors (person) Luster (entity) ID (entity) Molden (entity) Skjødnaklanten (entity) USA (entity) Vest (entity)