Måtte berga skadd kvinne
Plus
Ei kvinne i 40-åra er frakta til legevakt.
Måndag ettermiddag vart det sett i gang ein redningsaksjon i nærleiken av fjelltoppen Molden i Luster.
Klokka 15.21 fekk politiet melding frå to par frå USA som var på tur i område Skjødnaklanten.
– Ei kvinne i 40-åra har skada eit kne og treng assistanse for å koma tilbake til parkeringsplassen, opplyste operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.
Turgåarane hadde med seg både utstyr og mat, og dei hadde også god batterikapasitet på mobiltelefonane sine.
– Lokalt Røde Kors er kontakta og vil senda mannskap mot staden der dei oppheld seg, sa Kolltveit.
Kart med ID 543276
Klokka 17.19 var Røde Kors framme hjå turfølgjet, melde politiet.
I ei oppdatering klokka 18.02 vart det opplyst at turfølgjet hadde kome ned igjen til parkeringsplassen.
– Pasienten blir frakta til legevakt, melde Kolltveit.
Aksjonen vart med det avslutta.
🔗 Related Articles (1)
View Graph