Herold

Cato Husabø Fossen (33) blir sjefredaktør i Sogn Avis

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Keth Øren Published: 2026-04-24 06:27:37
Cato Husabø Fossen (33) blir sjefredaktør i Sogn Avis

Cato Husabø Fossen er tilsett som sjefredaktør og dagleg leiar i Sogn Avis.

Etter fem år som pressesjef for Erna Solberg returnerer Fossen til journalistikken. Frå 1. august skal han leia Sogn Avis.

– For meg er dette stort og djupt meiningsfullt. Eg får venda tilbake til journalistikken som sjefredaktør i eit regionalt viktig mediehus med sterk posisjon, truverd og stor betydning for folk i den delen av landet eg sjølv kjem frå. Sogn Avis har spelt ei viktig rolle i livet og kvardagen til generasjonar av sogningar, og er godt rusta for å gjera det også i framtida. Eg gler meg til å bli kjent med redaksjonen, og til å vera med å løfta avisa og journalistikken vidare, seier Fossen i ei pressemelding fredag morgon.

Cato Husabø Fossen var pressesjef og kommunikasjonssjef i Høgre frå 2020 og fram til partiets landsmøte i februar i år, der Erna Solberg gjekk av som leiar. I heile denne perioden jobba han tett med den tidlegare statsministeren, og var ein av hennar næraste rådgjevarar.

– Sterkt fundament

Før åra i toppolitikken var Fossen politisk reporter i NRK og programleiar for Dagsrevyen. Han har også vore politisk journalist i VG og TV 2.

33-åringen er frå Førde og starta journalistkarrieren i avisa Firda som 18-åring.

– At me har solide og pålitelege medium til stades i heile landet er viktig for demokratiet, utvikling av samfunnet og for fellesskapen mellom folk. Ei god lokalavis skal fortelja kva som skjer, engasjera og begeistra. Men også grava i det som betyr noko, sjå menneske som elles kunne blitt oversett og utfordra dei med ansvar og makt. Sogn Avis har eit sterkt fundament for alt dette, som me no skal byggja vidare på, seier Fossen.

Ein av dei yngste

Fossen blir ein av landets yngste redaktørar i eit mediehus på denne storleiken.

Styreleiar i Sogn Avis, Svein Atle Huus, omtalar Fossen som ein person med lang og svært relevant erfaring frå både journalistikk, kommunikasjon og leiing, trass sin unge alder.

– Me er glade for å kunne henta han tilbake til journalistikken, no som toppleiar for ei viktig lokalavis som har hatt ei svært god utvikling dei siste åra. Dette er eit uttrykk for at me ønskjer å satsa vidare for å styrkja journalistikken og posisjonen til Sogn Avis, seier Huus.

Arve Uglum sa opp stillinga som redaktør for snart eit år sidan, og prosessen med å finna erstattar starta like etter det.

– Kvifor har det teke så lang tid?

– Det er ei viktig stilling for oss, og me bestemte oss for å leggja lista høgt og har latt den liggja høgt. Det har teke lenger tid enn me såg føre oss, men me har vore opptekne av å køyra ein grundig prosess og stå i det til me fann den rette kandidaten, seier Huus.

Sluttar som redaktør: – Eg lèt ikkje som om det er lett

Smal redaktørmarknad

– Er det krevjande å finna redaktør i 2026?

– Det varierer frå stad til stad og kor tid. Men i utgangspunktet er redaktørmarknaden forholdsvis smal. Det er ikkje uvanleg at det tek litt tid, seier Huus.

Han seier det var ei handfull søkjarar til stillinga. I tillegg har dei jobba aktivt med rekrutteringsbyrå, søkt og kontakta folk som dei såg på som aktuelle og ville ha inn i prosessen.

– Det vart i utgangspunktet søkt etter ein redaktør med redaksjonell leiarerfaring. Kvifor har de gått vekk frå det?

– Me såg at me ikkje kom i mål i første runde, og valde å endra litt inngangen på det. Det er litt utfordrande om ein er veldig bastant på kva ein ser etter, og det kan snevra inn kandidattilvalet.

Pendling

Det vart også søkt etter ein som bur i nærleiken av Sogndal eller ville busetja seg der.

– Skal Fossen busette seg fast, eller vekependla?

– Dette var også eit punkt me valde å tona ned i andre gangs utlysing. Han kjem til å bu i Oslo i startfasen, og det blir vekependling i alle fall den første tida. Kva det blir på sikt må me koma tilbake til. For meg er det viktigaste korleis ein er til stades når ein er på jobb og den jobben ein faktisk gjer, og korleis ein forstår og utøver oppdraget. Fossen kjem til å vera mykje i Sogndal og han kjenner også området godt, så eg er trygg på at dette kjem til å gå veldig bra, seier Huus.

– Eli Grotle har fungert som konstituert i ein lengre periode. Har ho blitt spurt om å ta jobben fast i løpet av denne prosessen?

– Eg går av prinsipp ikkje inn på kva vurderingar me har gjort kring kandidatar eller moglege kandidatar, verken interne eller eksterne namn. Når det er sagt er eg takksam for det ansvaret ho har teke i denne perioden. Det var litt lenger enn me såg føre oss, og ho har vore veldig viktig for oss i denne fasen, seier Huus.

– Har stor forståing for rolla

Grotle skal vera konstituert framover fram til Fossen tiltrer.

– Ser du nokre utfordringar med at Fossen kjem frå jobb i den politiske makteliten og no skal leia ein organisasjon som skal utfordra den same eliten?

– Nei, men eg skjønar spørsmålet. Fossen har lang erfaring frå journalistikken, og har stor forståing for den rolla han går inn i no. Eg er ikkje i tvil om at hans lojalitet er i journalistikken og avisa sitt oppdrag. Det kan til og med vera ein ekstra styrke at han kjenner det politiske systemet frå innsida.

🔗 Published by 2 sources - Compare:

THIS SOURCE Firdaposten PLUS
Cato Husabø Fossen (33) blir sjefredaktør i Sogn Avis
Keth Øren · 2026-04-24 06:27:37
Cato Husabø Fossen er tilsett som sjefredaktør og dagleg leiar i Sogn Avis.
Cato Husabø Fossen (33) blir sjefredaktør i Sogn Avis
Keth Øren · 2026-04-24 06:27:37
Cato Husabø Fossen er tilsett som sjefredaktør og dagleg leiar i Sogn Avis.

🔗 Related Articles (1)

View Graph
Cato (33) er ny redaktør for Sogn Avis
Firda · 2026-04-24 06:31:15 +
Sogn Avis Cato Husabø Fossen Erna Solberg Dagsrevyen Førde Høgre NRK Svein Atle Huus TV VG

🏷️ Extracted Entities (15)

Cato Husabø Fossen (person) Sogn Avis (person) Svein Atle Huus (person) Erna Solberg (person) Sogndal (place) Arve Uglum (person) Dagsrevyen (entity) Eli Grotle (person) Firda (entity) Førde (entity) Høgre (entity) NRK (entity) Oslo (place) TV (entity) VG (entity)