Cato (33) er ny redaktør for Sogn Avis
Plus
Etter fem år som pressesjef for Erna Solberg returnerer Cato Husabø Fossen frå Førde til journalistikken. Frå 1. august skal han leie Sogn Avis.
Det skriv avisa sjølv fredag morgon.
– Sogn Avis har spelt ei viktig rolle i livet og kvardagen til generasjonar av sogningar, og er godt rusta for å gjere det også i framtida. Eg gler meg til å bli kjend med redaksjonen, og til å vere med å løfte avisa og journalistikken vidare, seier Fossen i ei pressemelding fredag morgon.
Han var pressesjef og kommunikasjonssjef i Høgre frå 2020 og fram til partiets landsmøte i februar i år.
Han har jobba tett med den Erna Solberg, og var ein av hennar næraste rådgjevarar. Før åra i toppolitikken var Fossen politisk reporter i NRK og programleiar for Dagsrevyen. Han har også vore politisk journalist i VG og TV 2.
– Vi er glade for å kunne hente han tilbake til journalistikken, no som toppleiar for ei viktig lokalavis som har hatt ei svært god utvikling dei siste åra. Dette er eit uttrykk for at vi ønskjer å satse vidare for å styrke journalistikken og posisjonen til Sogn Avis, seier styreleiar i Sogn Avis, Svein Atle Huus.
Firda kjem tilbake med meir.
🔗 Related Articles (1)
View Graph