Fleire møte med pågåande blomsterseljarar. Politiet ber no om tips
Plus
Fleire melde frå om pågåande blomseterseljarar som ringte på hos eldre i helga i Sogn og på Skei. Måndag kjem det meldingar om det samme i Naustdal, og seinare i Eikefjord.
Dei pågåande blomsterseljarane som tidlegare vart varsla om, etter meldingar frå både Sogn i helga, og Vassenden på søndag, har no blitt observert i Naustdal-området.
Fekk fleire meldingar om pågåande blomsterseljar
Det er også fleire som har tipsa Firda om ubehagelege opplevingar måndag ettermiddag.
SISTE: Klokka 2048 melder operarsjonssentralen i Vest politidistrikt at dei har fått fleire meldingar om det samme i Eikefjord.
Bebuar i gråt
Ein tilsett ved bu- og miljøtenesta i Naustdal tipsar Firda i 18-tida måndag kveld, etter att fleire eldre bebuarar skal ha fått besøk av pågåande blomsterseljarar.
Vedkommande fortel at dei skal ha vore i Naustdal-området i 16-tida, og at dei skal ha oppført seg pågaånde. Seljaren, eller seljarane, skal ha ringt på for å selje roser, og deretter ha gått inn i bustaden der det vart ringt på.
Prisane dei skal ha teke skal ha variert frå 200 til 300 kroner, der den siste summen var det den eine av bebuarane hadde i lommeboka.
– Korleis vert opplevinga skildra av bebuarane?
– Han eine av dei gret no då eg kom inn. Og rosene, dei ligg no her i plasten og glinsar, seier tipsaren.
Ho fortel at ho også varsla politiet.
Det skal ha blitt sett ei kvit stasjonsvogn med ein kvinneleg sjåfør, og tipsaren fortel at politiet no har vore på staden.
– Vi tenker også at det kan vere fint at folk er merksame på dei, fortel tipsaren vidare.
Politiet har vore på staden
Operasjonsleiar ved politiets operasjonssentral i Vest politidistrikt, Tore-Andre Brakstad, stadfestar at dei har hatt ein patrulje i Naustdal, etter meldingar om at seljarane hadde oppsøkt eit bu- og omsorgssenter.
Brakstad fortel at det framstår uklart om det er snakk om ein eller fleire seljarar, men både eldre og personar med kognitive funksjonsnedsettingar er blant dei som har blitt oppsøkt.
– Om det har blitt stelt frå dei i tillegg, framstår som usikkert, men vår tanke er at desse personane har blitt utnytta, seier Brakstad.
Skildringa av blomsterseljarane som «pågåande» fortel han er treffande. Han fortel at personane som har blitt oppsøkt også har hatt vanskeleg for å avvise dei.
Det er ikkje oppretta ei aktiv politimelding på hendingane, men operasjonsleiaren fortel at politiet er svært interesserte i tips og observasjonar.
Jaktar no på seljarane
Etter at det seinare skal ha komme inn fleire liknande meldingar om roseseljarar i Eikefjord i Kinn, melder politiets operasjonssentral klokka 20.48 at dei no ser etter desse personane.
Dei skal der ha forsøkt å komme seg inn til eldre og andre bebuarar på bu- og omsorgsbustadar. Frå ei adresse er det også opplyst at det er bortteke gjenstandar.
Politiet ser no etter ein mann og ei kvinne som køyrer ein svenskregistrert VW Passat, og som før ber politiet om tips. Enten til 02800 eller til 112 dersom det er hendingar som pågår.
🔗 Related Articles (2)
View Graph