Herold

Pågåande roseseljarar i Eikefjord. Politiet ber om tips

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Liv Standal Published: 2026-03-23 19:56:59
Pågåande roseseljarar i Eikefjord. Politiet ber om tips

Politiet har fått fleire meldingar om pågåande roseseljarar i Eikefjord.

Det har også komme tilsvarande melding frå Naustdal tidlegare måndag. I følgje Firda skal det også ha vore slike hendingar i Sogn og på Skei i helga. Det blir beskrive at dei forsøker å komme seg inn til eldre og andre i omsorgsbustader.

Frå ei adresse i Eikefjord er det også opplyst at dei har stole gjenstandar.

Politiet ser no etter personane. Det er beskrive at det er ein mann og ei kvinne som køyrer ein svenskregistrert kvit VW Passat.

Politiet ber om at observasjonar av enten køyretøy eller personar blir meldt på 02800, eventuelt 112 dersom det er snakk om pågåande handlingar.

🔗 Related Articles (2)

View Graph
Plutseleg stod blomsterseljaren i stova: – Ho blei så redd
Firda · 2026-03-23 20:17:39 +
Torunn Solheim Naustdal Eikefjord Hotellhagen Kinn SMS Skei Sogn VW Passat
Fleire møte med pågåande blomsterseljarar. Politiet ber no om tips
Firda · 2026-03-23 18:19:18 +
Naustdal Eikefjord Sogn Tore-Andre Brakstad Vest Kinn Skei VW Passat Vassenden

🏷️ Extracted Entities (6)

Eikefjord (place) Firda (entity) Naustdal (place) Skei (entity) Sogn (entity) VW Passat (organization)