Ivar Kvalen vald til ny fylkesleiar
Plus
Laurdag vart Ivar Kvalen frå Luster vald til nytt toppverv i Senterpartiet.
Ivar Kvalen er i dag næringssjef i Luster kommune, men har også fleire periodar bak seg som ordførar i kommunen.
Laurdag vart han vald til ny fylkesleiar på Sogn og Fjordane Senterparti sitt årsmøte.
– Det er veldig kjekt å få ta til på leiarvervet i Sogn og Fjordane Senterparti. Eit parti og ein organisasjon eg har delteke i og som har vore ein stor del av livet mitt i snart 35 år. Det er og med litt ærefrykt eg tek til, Senterpartiet har lange politiske tradisjonar og har i stor grad vore det styrande partiet i Sogn og Fjordane og Vestland. Eg gler meg til å ta til og ser fram til mykje godt arbeid i organisasjonen, seier Kvalen i ei pressemelding.
Resten av fylkesstyret ser slik ut:
Fylkesleiar : Ivar Kvalen - Luster
1.nestleiar : Leidulf Gloppestad –Gloppen - ikkje på val
2.nestleiar: Silje Åsnes Skarstein - Stryn - ikkje på val
Studieleiar: Stine Fjellkårstad - Stryn
Styremedlem: David Underdal – Aurland - ikkje på val
Styremedlem: Emma Berge Ness - Sunnfjord
Styremedlem: Sidsel Kongsvik - Askvoll
1.vara: Hilde Horpen - Årdal
2.vara: Nina Elise Hjartholm - Sunnfjord
3.vara: Øystein Ragnar Aasebø - Stad
4.vara: Kristoffer August Vereide – Gloppen
🔗 Related Articles (1)
View Graph