Herold

Han er ny senterpartileiar i Sogn og Fjordane

Plus
Kilde: Firda Author: Idar Stadheim Published: 2026-02-28 18:57:58
Han er ny senterpartileiar i Sogn og Fjordane

Ivar Kvalen frå Luster vart laurdag vald som ny fylkesleiar i Sogn og Fjordane Senterparti.

Det kjem fram frå ei pressemelding laurdag kveld.

Erlend Haugen Herstad er den som har hatt leiarvervet, men takka tidlegare nei til attval. Valnemnda måtte difor finne eit nytt namn på topp til årsmøtet.

Det fann dei i lustringen Ivar Kvalen, som har lang fartstid i Senterpartiet.

Han har fleire periodar som ordførar bak seg i Luster, og arbeider no som næringssjef i kommunen. I tillegg sit han også som styreleiar i Musea i Sogn og Fjordane.

– Det er veldig kjekt å få ta til på leiarvervet i Sogn og Fjordane Senterparti. Eir parti og ein organisasjon eg har delteke i og som har vore ein stor del av livet mitt i snart 35 år. Det er og med litt ærefrykt eg tek til, Senterpartiet har lange politiske tradisjonar og har i stor grad vore det styrande partiet i Sogn og Fjordane og Vestland. Eg gler meg til å ta til og ser fram til mykje godt arbeid i organisasjonen, seier Kvalen sjølv.

Slik ser det komplette fylkesstyret ut:

  • Fylkesleiar : Ivar Kvalen - Luster
    1. nestleiar : Leidulf Gloppestad –Gloppen - ikkje på val
    1. nestleiar: Silje Åsnes Skarstein - Stryn - ikkje på val
  • Studieleiar: Stine Fjellkårstad - Stryn
  • Styremedlem: David Underdal – Aurland - ikkje på val
  • Styremedlem: Emma Berge Ness - Sunnfjord
  • Styremedlem: Sidsel Kongsvik - Askvoll

🔗 Related Articles (1)

View Graph
Ivar Kvalen vald til ny fylkesleiar
Sogn Avis · 2026-02-28 18:44:09 +
Ivar Kvalen Fjordane Senterparti Luster Sogn Senterpartiet Stryn Sunnfjord Askvoll David Underdal Emma Berge Ness Hilde Horpen Kristoffer August Vereide Leidulf Gloppestad Gloppen Nina Elise Hjartholm Sidsel Kongsvik Silje Åsnes Skarstein Stad Stine Fjellkårstad Vestland Årdal Øystein Ragnar Aasebø

🏷️ Extracted Entities (17)

Fjordane Senterparti (person) Sogn (entity) Ivar Kvalen (person) Luster (entity) Senterpartiet (entity) Stryn (entity) Askvoll (entity) David Underdal (person) Emma Berge Ness (person) Erlend Haugen Herstad (person) Leidulf Gloppestad Gloppen (person) Musea (entity) Sidsel Kongsvik (person) Silje Åsnes Skarstein (person) Stine Fjellkårstad (person) Sunnfjord (place) Vestland (place)