Herold

Åtvarar: Ventar store mengder regn og snøsmelting

Plus
Kilde: Vaksdalposten Author: Kent Amundsen Published: 2026-02-24 16:37:08
Åtvarar: Ventar store mengder regn og snøsmelting

Statens vegvesen og NVE varslar om auka fare for skred og stengde vegar i delar av Vestland og Rogaland dei neste dagane. Mildvêr og store nedbørsmengder kan skapa utfordringar i trafikken.

Frå natt til onsdag til fredag morgon, kan det enkelte stader komma mellom 60 og 100 millimeter nedbør.

- Vinden aukar i styrke og temperaturane stig, noko som fører til at snøen smeltar raskare, står det i ei melding frå Statens vegvesen.

Fare for skred og overvatn

Vêromslaget fører til høgare risiko for fleire typar hendingar langs vegane. Det er varsla fare for snøskred, sørpeskred, is- og steinsprang. I tillegg kan det oppstå problem med overvatn i vegbanen.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har sendt ut oppdatert varsel om snøskredfare. For regionen Voss, som inkluderer Vaksdal, og fleire andre regionar er faren sett til nivå fire, som betyr stor fare. Dette gjeld frå onsdag 25. februar.

Snøskred i Eksingedalen

Oppmodar folk om å følgja med

Statens vegvesen ber folk om å planleggja køyreturen nøye. Vegar kan bli stengde på kort varsel dersom situasjonen krev det.

- Vi oppmodar alle trafikantar om å halda seg oppdatert om situasjonen på vegane før ein legg ut på tur, seier Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør for drift og vedlikehald i Statens vegvesen.

Vanskelege køyreforhold i indre strok

I indre delar av Rogaland og Vestland kan vêret skapa ekstra utfordringar. Regn som frys på bakken kan føra til glatte vegar. Statens vegvesen følgjer situasjonen fortløpande gjennom dei neste døgna.

Alt mannskap er ute, snøskredfare i lokale fjell

🔗 Related Articles (1)

View Graph
Ventar stor snøskredfare
Sogn Avis · 2026-02-24 17:08:45 +
Indre Sogn Hardanger Jotunheimen Statens Voss NVE Rogaland Statsforvaltaren Svenn Egil Finden Vegvesenet Vestlandet

🏷️ Extracted Entities (8)

NVE (entity) Rogaland (place) Statens (entity) Vestland (place) Eksingedalen (entity) Svenn Egil Finden (person) Vaksdal (place) Voss (entity)