Ventar stor snøskredfare
Plus
Mildvêr og nedbør kan gje utfordringar på Vestlandet dei neste dagane.
Både NVE, Statsforvaltaren og Statens vegvesen har sendt ut meldingar om aukande fare knytt til vêromslaget frå tysdag ettermiddag. Skredfaren er allereie betydeleg, faregrad 3, i Sogn og områda ikring.
NVE har sendt ut oppdatert varsel om stor snøskredfare - faregrad 4 – gjeldande frå frå onsdag og torsdag.
Varsel for Indre Fjordane og for Voss gjeld frå onsdag.
Frå 26. februar 2026 er det varsla faregrad 4 også for Jotunheimen, Indre Sogn og Hardanger.
Fare for skred, steinsprang og overvatn
Det blir mildver og vind frå tysdag ettermiddag. Frå natt til onsdag til fredag morgon er det lokalt venta opp mot 60-100 mm nedbør, mest som regn. Relativt høge temperaturar og mykje vind fører til snøsmelting, skriv Vegvesenet i ei pressemelding.
Veromslaget aukar faren for snø- og sørpeskred, is- og steinsprang og overvatn i vegbanen. Det kan og koma regn som kan frysa på bakken, særleg i indre strok av Rogaland.
– Me oppmodar alle trafikantar om å halda seg oppdatert om situasjonen på vegane før ein legg ut på tur, seier Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør for drift og vedlikehald i Statens vegvesen.
🔗 Related Articles (1)
View Graph