Herold

Ny rapport om helikopterstyrten ved Sotra: – Hadde få sekund på å reagera

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Aksel Hallan Halmøy Published: 2026-02-26 14:17:10
Ny rapport om helikopterstyrten ved Sotra: – Hadde få sekund på å reagera

Ein teknisk svikt i eit kretskort vert peika på som vesentleg for at ulykka skjedde.

(BA): Det var om kvelden 28. februar i 2024 at eit helikopter styrta i sjøen utanfor Sotra.

Reidun Hestetun (61) omkom. Dei fem andre som var om bord blei skada i ulykka, som skjedde i samband med ei SAR-trening.

Torsdag publiserte Statens Havarikommisjon sin endelege rapport om kva som gjekk gale.

Ein teknisk svikt i eit kretskort, som styrte nasestillinga til helikopteret ved autopilotflyging, blir peika ut som heilt vesentleg for utfallet.

– Me har funne ein konkret feil i trimaktuatoren. Den styrer naseposisjonen til helikopteret ved flyging med autopilot, seier avdelingsdirektør for luftfart i SHK, Kåre Halvorsen, i ei pressemelding.

Få sekund på å reagera

Nasen til helikopteret heva seg ukontrollert til eit nivå der det ikkje var mogleg for flygarane å vinna tilbake kontroll, slår rapporten fast. Det enda med at helikopteret bevega seg bakover og styrta i sjøen.

– I ein kritisk fase av flyginga – lågt over havet og med låg fart – hadde mannskapet berre få sekund på seg til å registrera at noko var feil og ta over kontrollen manuelt. Det rakk dei aldri, seier Halvorsen.

Ulykka hende medan helikopteret var i ferd med å posisjonera seg over ei bøye i vatnet, som ein del av treninga.

Det var heilt mørkt ute. Mannskapet hadde dermed ingen ytre referansar å forhalda seg til.

Den unormale nasehevinga vart heller ikkje oppdaga tidsnok på instrumenta, slår kommisjonen fast.

Basert på undersøkinga meiner Havarikommisjonen at det berre var mellom tre og seks sekund frå nasehevinga kunne oppfattast som unormal, til det var for seint å ta over kontrollen manuelt.

Kritikk mot Equinor

Dei to flygarane i helikopteret var begge erfarne.

Undersøkingane rettar kritikk mot Equinor, som våren 2022 gjennomførte to anbodsprosessar for helikoptertenester.

Bristol Norway vann anbodet for SAR-tenester sør i landet. Oppstarten vart sett til eitt år etter kontraktstildelinga.

Dette er første gongen det har vore ein så kort tidsfrist for ein så kompleks kontrakt med eit så stort omfang, skriv kommisjonen. Dei meiner at Equinor ikkje i tilstrekkeleg grad reflekterte over maktubalansen ved anbodsprosessen.

Dei meiner også at Luftfarttilsynet burde ha etterspurt risikovurderingar hos Bristow Norway.

Fleire forbetringspunkt

Helikopteret tok raskt inn vatn og kantra etter styrten. Dei overlevande låg i sjøen i rundt 45 minutt før dei vart redda.

Undersøkinga viser at det ikkje var unytta ressursar som ville vore raskare på ulykkesstaden og som kunne ha endra utfallet.

Det automatiske nødflytesystemet til helikopteret vart ikkje utløyst fordi helikopteret mista generatorstraum. Redningsflåtar lét seg heller ikkje utløysa.

Den amerikanske produsenten Sikorsky jobbar no med å innføra løysingar som gjer at flåtane kan utløysast også når eit helikopter har kantra, og ei løysing som gjer at nødflytesystemet kan utløysast automatisk utan generatorstraum.

Havarikommisjonen kjem med åtte tryggingstilrådingar til ulike instansar etter den fatale ulykka.

🔗 Related Articles (2)

View Graph
Helikopterstyrten ved Sotra i 2024 skyldtes en svikt i et kretskort
Aftenposten · 2026-02-26 10:40:54 +
Sotra Equinor SAR Bristow Norway Kåre Halvorsen SHK
Ny rapport om helikopterstyrten ved Sotra: – Hadde få sekunder på å reagere
BA · 2026-02-26 10:19:52 +
Equinor Sotra Havarikommisjonen SAR Kåre Halvorsen Mette Ottøy Bristol Norway Bristow Norway Luftfarttilsynet Reidun Hestetun SHK Sikorsky Statens Havarikommisjon

🏷️ Extracted Entities (13)

Sotra (entity) Equinor (entity) Kåre Halvorsen (person) SAR (entity) BA (entity) Bristol Norway (person) Bristow Norway (person) Havarikommisjonen (entity) Luftfarttilsynet (entity) Reidun Hestetun (person) SHK (entity) Sikorsky (entity) Statens Havarikommisjon (person)