Brann i lastebil i Aurland
Det brenn i eitt eller fleire dekk på ein lastebil med hengjar som står ved Sognaporten i Aurland.
– Det vart meldt om flammar frå hjulsettet på hengjaren til lastebilen. Brannvesenet er på staden, og er i gang med sløkking. Den er ikkje lasta med noko, fortel fungerande vaktleiar Trond Landaas hjå Alarmsentralen 110 Vest.
Lastebilen kom ut av Lærdalstunnelen, og køyrde inn på Sognaporten ved ladestasjonen der.
– Me veit ikkje om det var byrja å brenna i tunnelen eller om det var berre røyk.
Sjåføren har kome seg ut, og det er ikkje fare for at brannen skal spreia seg. Klokka 12.07 melder brannvesenet om kontroll på staden og at dei driv med nedkjøling.
Brannen starta truleg i bremsene på hengjaren, melder politiet.
🏷️ Extracted Entities (6)
Aurland
(place)
Sognaporten
(entity)
Alarmsentralen
(entity)
Lærdalstunnelen
(entity)
Trond Landaas
(person)
Vest
(entity)