Må stenge gangveg fram til jul
Plus
Torsdag stengde kommunen gangvegen mellom Albertatunet og Storevatnet.
Stenginga kjem av at det vart oppdaga ein kabeltrasé langs Kinnvegen som må frigravast for å etablere ein sikringsvegg, skriv Kinn kommune. Sikringsveggen består av stålrøyr som skal borast ned i fjell, og all infrastruktur må flyttast før dette arbeidet.
– Dette var ikkje del av den opphavlege planen, men er nødvendig grunna uventa forhold i grunnen, skriv kommunen på nettsidene sine.
For å auke tryggleiken blir det stans i lastebiltrafikk frå tomta mellom klokka 8:10 og 8:40, og inn- og utkøyring mot Hans Blomgate blir stoppa. Eit nytt overgangsfelt blir etablert tidlegare på Kinnvegen, og skulen plasserer vakter ved viktige kryss før skulestart.
Kommunen tilrår at foreldre som set av elevar frå nordaust kan bruke avsettingsplassen nede i Kleivabakken, der elevane kan gå langs Firdavegen til skulen.
– Ein kan setje av nede i Kleivabakken, og elevane kan gå langs Firdavegen til skulen, skriv kommunen.
Etter jul blir den midlertidige gangvegen på sørsida av tomta operativ, med god belysning og lyslenker på gjerdet.
Her er ny gangtrasé frå og med torsdag 27. november og fram til jul: