Likebehandling må gjelde
Saka om salg av det nedlagte barnehagebygget på Tornes reiser eit grunnleggjande spørsmål: Korfor blir ikkje Tornes Naturbarnehage (TNB) behandla på lik linje med andre private barnehagar i Hustadvika?
Likebehandling må gjelde – også for Tornes Naturbarnehage
Saka om salg av det nedlagte barnehagebygget på Tornes reiser eit grunnleggjande spørsmål: Korfor blir ikkje Tornes Naturbarnehage (TNB) behandla på lik linje med andre private barnehagar i Hustadvika?
Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.
Kommunen meiner TNB er ein konkurrent til kommunal drift og viser til avhendingsreglementet som hindrar salg til aktørar som vil etablere «konkurrerande tenestetilbod». Men denne tolkinga står i sterk kontrast til både nasjonale føringar og kommunen sin eigen praksis.
Likebehandling er lovfesta barnehagepolitikk
Sidan barnehageforliket i 2003 – og vidareført i 2024/25 – har prinsippa vore klare:
- økonomisk likebehandling
- samarbeid mellom offentlege og private
- mangfald og valfridom for foreldre
Kommunestyret i Hustadvika slo sjølv fast i mars 2025 at TNB ikkje er ein konkurrent, men eit ønska og utfyllande tilbod med sin pedagogiske profil.
Kommunen har sjølv bygd opp private barnehagar
I tidlegare Fræna kommune fekk fleire private barnehagar gratis tomt og gjennom det store økonomiske fordelar. Både politisk og administrativ leiing i kommunen jobbar i desse dagar aktivt for å halde ein annan privat barnehage i drift. Dette viser ein klar praksis: Private barnehagar er samarbeidspartnarar, ikkje konkurrentar.
Kommunen har redusert si eiga drift
Halvparten av barna i Hustadvika går no i private barnehagar etter fleire kommunale nedleggingar. På Tornes har familiane sidan nedlegginga av Tornes barnehage vore avhengige av private tilbod i Elnesvågen, Sylte/Malme og Skaret. Det er desse TNB eventuelt «konkurrerer» med – ikkje kommunen.
Avhendingsreglementet er ikkje laga for barnehagar
Hovudintensjonen i reglementet, slik vi forstår det, var i si tid retta mot å hindre privatskuleetableringar i nedlagde skulebygg. Barnehagelova byggjer derimot på samarbeid og likebehandling. Å bruke same paragraf mot ein privat barnehage er derfor feil.
Konklusjon
TNB er ikkje ein konkurrent til kommunal barnehagedrift. Det viser:
- kommunestyret sitt vedtak om driftstilskot til Tornes Naturbarnehage
- kommunen si langvarige støtte til andre private barnehagar
- kommunen sitt behov for private aktørar for å sikre full barnehagedekning
- nasjonale føringar om likebehandling og samarbeid
Saksframstillinga i PS 4/2026 bryt med både lovverk, politiske føringar og kommunen sin eigen praksis. Saka kjem opp på tirsdag, og Formannskapet i Hustadvika kommune må då sikre at prinsippet om likebehandling også gjeld Tornes Naturbarnehage.
Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal