Dette er ikkje tilfeldig – det er politiske val
Det tek tid å utarbeida eit budsjett. Me politikarar har brukt tallause timar i møte gjennom hausten på forhandlingar og prioriteringar.
Når det borgarlege fleirtalet, med Høgre, Frp, KrF, Venstre – og, for mange overraskande nok, Arbeidarpartiet – sitt budsjettet no blir sett ut i livet, er det derfor ikkje tilfeldig kva som blir ramma.
Ein får som bestilt.
Kutta i skule og barnehage som kommunedirektøren no legg opp til, er resultatet av medvitne politiske val.
Dei borgarlege og Arbeidarpartiet la inn eit ekstra kutt på 12 millionar kroner dei neste tre åra, i tillegg til kommunedirektøren sitt opphavlege kutt på 13 millionar innan oppvekst.
Dette er det summen av desse kutta faktisk betyr: nedleggingar av skular i distrikta som hovudoffer. Dette burde i realiteten ikkje overraska nokon. Kanskje burde dette vore hovudoppslaget i desember – og ikkje «ansvarleg styring». For det var nettopp dette dei la opp til då budsjettet vart vedteke.
Raudt stemde nei til dette budsjettet.
Ingen eigedomsskatt: Ap sikra borgarleg fleirtal
Me i Raudt vil ikkje støtte det vi såg på som Høgre, Frp, KrF, Venstre og Arbeidarpartiet sin slakt av skular. Me vil ikkje leggja pensjon ut på anbod, og me klarer ikkje – i vår villaste fantasi – å tru at kunstig intelligens og robotstøvsugarar skal redda kommuneøkonomien med dei foreslåtte 21 millionane. Me stiller oss også kritiske til at fleirtalet samtidig prioriterer fleire leiarstillingar, mellom anna ein ny næringssjef.
For Raudt er det å sikra gode oppvekstvilkår det viktigaste kommunen gjer – det handlar om framtida vår. Det handlar om livet til barna her og no: om livsglede, tryggleik og ein skulegang som gir dei reelle moglegheiter vidare i livet, ikkje berre eit system dei må komma seg gjennom.
Likevel har fleirtalet valt ein politikk som gir redusert kvalitet i skulen: fleire elevar per skule, større klassar, lengre reiseveg, svakare tilknyting til lokalmiljøet, auka press på dei tilsette i skulen og mindre rom for å sjå kvar enkelt.
Det rammar alle oss som har barn i Alver-skulen. Me ser lærarar som allereie står i eit høgt arbeidspress, og me ser ungdom som slit. Det er også verdt å merkja seg at dei borgarlege partia og Arbeidarpartiet gjekk lenger i kutta sine enn det kommunedirektøren foreslo, og det er barn og unge som sit igjen med rekninga.
Basert på mediedekninga så langt kan det likevel nesten virke som om kommunedirektøren blir framstilt som den store stygge ulven som raserer skulekrins etter skulekrins, med same iver som i eventyret om dei tre små grisene. Kommunedirektøren er tilsett for å gjennomføra vedteken politikk. Dette er ikkje eit administrativt initiativ, men konsekvensen av eit budsjett politikarane sjølv har vedteke.
Føreslår å legga ned fem skular
Då Ingrid Duesund frå Høgre skreiv ved nyttår at det er viktig at alle politikarar står samla bak budsjettet som vart vedteke 18. desember, vil eg – og Raudt – høfleg, men tydeleg svare nei. Raudt vil ikkje støtta det vi ser på som slakting av skular. Me vil ikkje støtte å leggja pensjon ut på anbod, og me er svært kritiske til kva kunstig intelligens faktisk skal løysa økonomisk i denne samanhengen.
Det er ikkje ein «stormannsgalen» kommunedirektør med lydige underordna som gjer at du og dine mistar nærskulane. Dette er resultatet av heilt vanleg borgarleg sentraliseringspolitikk – den same politikken som i si tid førte til etableringa av storkommunen Alver.
Det er også denne sentraliseringslinja, drive fram av borgarleg side, der innsparingspotensialet blir henta gjennom å leggja ned skular, fjerne tenester og byggja ned helsetilbod i distrikta. Resultatet er at samanslåtte kommunar, også her i Alver, jamt over ikkje kan visa til betre økonomi som følgje av sentralisering.
I 2027 er det kommuneval. Følg med på kva prioriteringar politikarane gjer fram mot valet. Ønskjer du reelle motstemmer til dagens politikk, er det nettopp det Raudt representerer.
Det politiske året startar med eit brak: – Eg trur bygdene vil hugse dette
Siger for bygda: – For oss var det ikkje noko anna alternativ enn å ta kampen