Fleire synest KI gjer det vanskeleg å vite kva som er ekte
Ingvild Féline Winther er skeptisk til nyheiter, og lurer på om innhald kan vere KI-generert, sjølv frå redaktørstyrte medium.
Saka oppsummert:
- Ingvild Féline Winther er skeptisk til å stole på videoar frå utlandet. Det på grunn av mogleg KI-generering.
- Ei nordisk undersøking viser at teknologisk utvikling og auka bevisstheit om feilinformasjon skapar meir usikkerheit blant folk.
- Unge har utfordringar med å skilje fakta frå usant innhald. Men dei har likevel høgare tillit til redaktørstyrte medium enn til sosiale medium.
- Norske mediehus erkjenner at dei har publisert KI-generert innhald ved feil. Men til NRK forsikrar fleire at dei jobbar grundig med verifisering.
- Faktisk.no sin verifisering av ein video viste at han kan vere redigert og delvis iscenesett, men det er ikkje tilstrekkeleg bevis for at han er KI-generert.
- Ekspertar understrekar viktigheita av å oppretthalde tillit til redaktørstyrte medium i ei tid prega av auka bruk av kunstig intelligens.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.
– Det verkar jo litt heftig at dei går ut i krangel, seier Ingvild Féline Winther.
Ho ser på ein video av to gullsmedar som slåst i New York i starten av året.
Sjølv om hendinga er referert av eit norsk redaktørstyrt medium, merkar ho at ho er tilbakehalden med å akseptere alt som fakta.
Ingvild Féline Winther ser på videoen som er nemnt i Dagbladet, og som også er omtalt i andre medium.
Over 5.900 kilometer i luftlinje skil New York frå Tromsø, der Ingvild bur.
– Eg som sit her og ser på det, har jo ikkje alle fakta og all informasjon.
– Ein veit jo ikkje kva som leidde opp til dette, eller kva som eigentleg blei sagt dei imellom, seier Winther.
Dagbladet er kjent med at NRK brukar denne videoen som døme.
Winther har alltid vore skeptisk til at medium kan framstille saker feilaktig, og overdrive for å skape sensasjon og generere klikk.
Men dei siste åra har enda eit spørsmål dukka opp:
– Kan noko av dette vere laga av KI?
Ho påstår ikkje at norske redaktørstyrte medium bruker kunstig intelligens til å lage falske nyheiter, men ho tviler på at det alltid er mogleg å bekrefte at videoar frå eksterne kjelder er ekte.
– Jo fleire ledd, jo mindre vil eg stole på det.
I slutten av saka kan du sjå om faktisk.no vurderer videoen som ekte eller ikkje.
Større usikkerheit
Ei nordisk undersøking om kritisk medieforståing publisert nyleg, viser ei aukande usikkerheit om korleis KI-teknologi påverkar samfunnet.
– Undersøkinga vår viser at den teknologiske utviklinga, saman med folks auka bevisstheit om feilinformasjon, gjer folk meir usikre og skeptiske til innhaldet dei konsumerer.
Det seier kommunikasjonssjef Stian Barsnes-Simonsen i Medietilsynet.
Barsnes-Simonsen seier at teknologien både gjer det enklare for dei som ønsker å villeie, og vanskelegare for dei som har som oppgåve å formidle fakta.
– Undersøkinga viser at særleg unge opplever det som utfordrande å skilje mellom fakta og usant innhald.
– Samtidig ser vi eit interessant paradoks: Sjølv om unge i stor grad konsumerer nyheiter via sosiale medium, har dei mykje høgare tillit til redaktørstyrte medium og journalistisk innhald. Det illustrerer at bruk og tillit ikkje nødvendigvis følger kvarandre.
Holger Pötzsch er professor i medie- og dokumentasjonsvitskap ved UiT Noregs arktiske universitet. Han meiner det er viktig at redaktørstyrte medium jobbar med å halde oppe denne tilliten.
– Det er eit viktig element i demokratiet at vi har arenaer der vi kan dele tankar og oppfatningar om ting, og også høyre frå folk du er fundamentalt ueinig med.
Alle gjer feil
Vi har snakka med TV 2, Dagbladet, VG og NRK.
Alle mediehusa kunne gi minst eitt eksempel på at dei ved ein feil har publisert innhald generert av KI.
– Eg kan berre komme på eitt eksempel der delar av ein video vi publiserte, i etterkant viste seg å vere KI-generert. Denne fekk vi frå eit internasjonalt anerkjent bildebyrå, som vi har gode erfaringar med og normalt stoler på, seier Karianne Solbrække, nyheitsredaktør i TV 2.
Alle mediehusa forsikrar at dei sjekkar innhaldet dei får grundig, og at dei aldri med vilje ville publisert KI-generert materiale utan tydeleg merking.
Å garantere at feil ikkje skjer igjen, er det ingen av dei som kan.
– Nå har KI blitt så avansert at det er svært vanskeleg å skilje. Da er regelen at om vi er det minste i tvil om at dette er ekte, skal vi ikkje publisere. Likevel kan eg ikkje love at vi aldri kjem til å gjere feil, seier Eugene Laran, AI-sjef i Dagbladet.
Grundig verifisering
Ingvild Féline Winther tar ein sup av kaffien og ser på videoen av gullsmedane som slåst i New York. Kan ho stole på at det ho ser er ekte?
Vi bad Silje Førsund, journalist og fagansvarleg for verifisering i Faktisk.no, om å verifisere han.
Vanlegvis startar dei med å laste ned videoane og sikre alle spor. Dei undersøker konteksten og kva saka og påstandane handlar om, før dei analyserer alt.
– Det eg konkluderer med, er at det er nokre få indikasjonar på at delar av klippa kan vere KI-genererte, men det er ikkje nok til å hevde at dei er det. Da må ein ha meir informasjon, så per nå er det ikkje nok, meiner eg, til å seie at dei er det.
Videoen er redigert, men ho meiner at det er klare indikasjonar på at videoen også er iscenesett, og kanskje også at sjølve konfrontasjonen er iscenesett.
– Konklusjonen min er at eg ville vore varsam med å publisere dette, fordi vi veit for lite om kva det eigentleg er som har gått føre seg.
Nedst i saka kan du sjå korleis Førsund gjekk fram for å verifisere videoen.
– Siljes råd er svært godt, og ei viktig påminning, seier konstituert nyheits- og plussredaktør, Bjørn Carlsen i Dagbladet.
– Når det gjeld denne videoen, har politiet overfor TMZ og andre kjelder bekrefta at dei rykte ut etter melding om eit overfall, at to personar blei pågripne og at éin av dei involverte blei frakta til sjukehus.
Redaktøren seier dei også har undersøkt videoen grundig utan å finne indikasjonar på at den ikkje er ekte.
– Når det er sagt – vi kunne hatt med opplysningar om at aktørane er kjente for å oppsøke merksemd, seier Carlsen.
Ingvild Féline Winther er opptatt av å stille spørsmål ved det ho ser.
Ingvild Féline Winther blei imponert over måten Førsund frå Faktisk.no verifiserte videoen på.
– Det gir meg definitivt auka tillit til korleis videoar frå utlandet blir faktasjekka. Ho forklarer fleire punkt og moglege fallgruver, og det er fint å sjå at det blir undersøkt grundig, seier Winther.