Lothepus si kyrkje kåra til årets vakraste nybygg
Plus
Lothepus Camping vann årets heiderspris frå Arkitekturopprøret. Men Leif Einar Lothe må dele prisen med Blindern Studenthjem i Oslo.
(HARDANGER FOLKEBLAD:) Rundt 15.000 personar stemde i kåringa.
Sidan teljemaskina har gått i surr, vart det delt førsteplass til dei to, som har følgt kvarandre tett undervegs, heiter det i ei pressemelding frå organisasjonen, som jobbar for ein meir harmonisk og vakker arkitektur.
Om den mykje omtalte stavkyrkja til Lothepus heiter det at den på leikent vis kombinerer referansar til vikingskip og moderne tatoveringsstrender. Vidare heiter det at bygget har ein fantastisk silhuett basert på gjenkjennelege former samtidig som han er bygd etter dagens tekniske forskrifter.
All utsmykking på bygningane er laga i eit fjøs i Amlabukta på Kaupanger.
Her er det faktisk storleiken det kjem an på – og større skal det bli
Lothepus-prosjektet har byrja å ta form for alvor: – Er vel ikkje akkurat velsigna denne kyrkja
Kulturministerens dom over stavkirken til Lothepus
Arkitekturopprøret rosa campingplassen allereie i nominasjonen for å ha teke opp i seg stavkirkettradisjonen på ein særeigen måte, sjølv om bygningen verken er ei stavkyrkje eller ei kyrkje.
Dei trekte fram korleis Lothe og laget hans har arbeidd.
– Her har nemleg Leif Einar Lothe og gjengen hans gått inn i tradisjonen med liv og lyst, og saman skapt ein bygning som er prega av både formglede, moderne handverk og nytolking av eldgammal arkitektur – innanfor rammene gitt av vår tid, heiter det i Arkitekturopprørets omtale.
På delt tredje plass kom eit offentleg toalett/trafo i Lademoparken i Trondheim og Pedersgate 26 i Stavanger.
I kategorien Grøss – dei styggaste bygga i landet – stakk Dei tre søstrer i Kanalbyen, Kristiansand, av med «sigeren», med 12,5 prosent av stemmene.
På dei neste plassane kom:
Helgerudkvartalet i Sandvika
Tøyenbadet i Oslo
SSB i
Kongsvinger Trondheim S
Det er femte året på rad Arkitekturopprøret deler ut prisen for Noregs styggaste og vakraste nybygg.
Her går dei i gang med å få på plass dei første drakehovuda
– Eg vaknar ofte og lurer på om dette er ein draum
Her ligg stavkyrkja til Lothepus: – Det beste av tømmer me har i Sogn
Fred Ivar og Sondre byggjer nye maskiner for kjempeprosjektet, og har fått med seg ein tredjemann: – Ikkje akkurat hyllevarer