Kva er vitsen med eit fakkeltog for Palestina no?
Plus
Freden er pÄ veg til Midtausten. Treng vi dÄ Ä gÄ i fakkeltog?
I oktober blei partane i Gaza-krigen endeleg einige om ei vÄpenkvile og ein fredsplan som kan bety slutten pÄ krigen mellom Israel og Hamas. Med desse glimta av lys, tenker du kanskje at det har lite for seg med eit fakkeltog for fred.
Sett frÄ Gazastripa er det dessverre langt att til noko som minner om fred. Bombene fell framleis over ruinane. Til og med i det Israel kallar «trygge» soner, kan kva som helst skje. Kanskje fÄr du ein evakueringsordre pÄ mobilen din fÞr det smell, kanskje ikkje. Alle i Gaza veit at ingen eigentleg er trygge.
Brota pÄ vÄpenkvila har sÄ langt teke 300 palestinske liv og nesten 800 er sÄra. Og i ly av det som skjer i Gaza, kryp krigshandlingane inn over Vestbreidda, der det israelske forsvaret held fram med Ä rive heimar og tvinge folk vekk frÄ landsbyane sine. Stadig oftare har fanatiske nybyggarar gÄtt laus pÄ bÞnder og rasert olivenlundar, med israelske soldatar som tause tilskodarar.
FN sin dag for solidaritet med det palestinske folket er 29. november. Denne solidariteten trengst fordi tusenvis av menneske pÄ Gazastripa enno strevar med det aller meste. SjÞlv om Sogndal ligg langt unna Palestina, betyr det mykje at ogsÄ folk langt vekke viser at dei hugsar pÄ dei og tenker pÄ korleis det gÄr akkurat no.
Kva veit vi om livet i Gaza akkurat no? Ein ting er frykta for Ä kunne dÞy nÄr som helst. Ein annan ting er det reint praktiske: Kor skal vi sove, kva skal ungane ete i dag, fÄr vi tak i nok vatn? Vinternettene kan vere kalde for dei mange som har sÞkt ly i utbomba hus og enkle telt. FNs barnefond reknar med at 85 prosent av familiane i Gaza no bur mindre enn ti meter frÄ open kloakk eller sÞppel. NÄr regnet hÞljar ned, flÞymer det skitne vatnet inn i teltleirane. SÄpe og reint vatn finst knapt Ä fÄ tak i, og bÄde vaksne og barn fÄr hudplager og alle slags unÞdvendige sjukdommar.
à samlast til fakkeltog er viktig fordi Israel framleis stenger grensene og hindrar folk i Ä fÄ livsviktig hjelp. Leger utan grenser melder at over 16 500 pasientar stÄr i kÞ for Ä fÄ reise ut og motta medisinsk hjelp. Samtidig held Israel att hjelpesendingar med medisinar, mat og alt det andre som trengst.
Markeringar som den vi held i Sogndal er ein mÄte vi kan vise avstand til Netanyahu-regimet pÄ og minne om at krigsbrotsverka dei siste to Ära mÄ straffast, pÄ begge sider. SjÞlv om den israelske hÊren har uhyre treffsikker vÄpenteknologi, har dei sett sjukehus ut av spel, gjort helsepersonell og journalistar til eit mÄl, bomba skular og universitet og rasert uerstatteleg kulturarv.
I tillegg kjem alle drapa pÄ uskuldige ungar og andre sivile. Svimlande mange har opplevd grufulle ting. Vi har hÞyrt om kor ung befolkninga pÄ Gazastripa er, og vi hugsar kor intens krigfÞringa har vore. Kor mange barn og unge som har fÄtt psykiske skader dei siste to Ära, kan vi berre tenke oss til. Desse skadene kjem til Ä sitje i lenge, kanskje resten av livet.
Ja, Norge ligg langt unna Midtausten. Likevel kan vi vise at vi bryr oss. Viss vi verkeleg stÄr for universelle menneskerettar, er det pÄ tide Ä krevje at palestinarane fÄr leve verdige liv, bÄde i Gaza og pÄ Vestbreidda.
Fakkeltog for fred blir arrangert i Sogndal 29. november av Palestinakomiteen i Sogn i lag med 12 andre organisasjonar.