Ein hummar-innvandrar kan ha etablert seg på kysten
Det blir fanga stadig fleire langust på kysten vår. Så mange og i så ulike storleikar at det blir spekulert i om denne hummararten utan klør er i stand til å formere seg her.
Nyleg fekk fiskar Matias Grotle i Bremanger to langust og i fiskarkretsar vest av Nordfjord og Sunnfjord blir det fortalt om stadig fleire som har fangsta denne klolause fargerike delikatessen, ein hummar-innvandrar frå Storbritannia og strøka sørafor.
Ikkje framandart
Langusten har ikkje vore eit vanleg syn her til lands, men den er heller ikkje nokon framandart.
Langust (Palinurus elephas)
I fjor melde Firdaposten om det som kan ha vore den første Florø-langusten, då Egil Strømmen drog garna sine vest av Florø. Opp frå 40 meters djupn kom noko hobbyfiskaren ikkje hadde sett før.
Den nordlegaste langusten som er registrert, er frå Hitra i Trøndelag i 2023. For å komme til norskekysten, haikar larvene med kyststraumen. Havforskarane meiner at sjølv om langusten blir meir vanleg, er det slett ikkje sikkert at det kan bli ein sjølvrekrutterande bestand.
Forskar på økosystemprosessar hos Havforskingsinstituttet, Gro van der Meeren, meiner det er for tidleg å konkludere:
– Vi kan ikkje seie det sikkert. Det vi veit er at det har vore hetebølgjer i Nordsjøen dei siste åra. Det gir larvene god overleving, sidan dei treng eit halvt år for å slå seg ned på botnen. Larvene følgjer straumen, som vil frakte dei langt frå klekkestaden. Derfor tvilar eg på at dei er norskproduserte, men at det kjem inn yngel hyppigare enn før.
Kyststraumen er akilleshæl
– Kva skal til av forhold for at dei skal etablere seg i Norge?
– Det kan vere mogleg dersom mange nok av begge kjønn etablerer seg så lokalt at dei finn kvarandre og at larvene ikkje blir fanga opp av kyststraumen som går frå sør til nord heile året. Det er varmt nok i heile Sør-Norge til at arten kan overleve. Det er larvene si lange utviklingstid som er «akilleshælen». Arten er ikkje tilpassa vår korte sommar, men når det no er varmare vatn også på hausten så er problemet mindre. Men det tek minst seks månader før dei forlet dei frie vassmassane og slår seg ned på botnen.
Den kraftige nordgåande kyststraumen vil mest sannsynleg hindre lokal reproduksjon andre stader enn inne i fjordane. Larver klekt i Sørvest-Norge, vil ikkje utvikle seg til den robuste yngelfasen før dei er hamna langt oppe i Nord-Norge. Derfor trur eg at Vest-Norge vil vere avhengig av larver frå Storbritannia. Sjansen for eigenproduksjon som faktisk vil overleve er liten, men ikkje umogleg. Dessverre er nyleg bunnslått yngel av langust svært vanskelig å finne, forklarer van der Meeren.
Vil bli meir vanleg
Forskarane tvilar på om det blir levedyktige bestandar i Norge med det første, men det vil vere fleire individ rundt kysten i åra som kjem
Det kan skuldast ein kombinasjon av havoppvarming og at bestandane i Storbritannia har vakse dei siste ti åra.
Langusten blei hardt fiska i Europa på 1960-tallet og forsvann frå mange område, blant anna frå vestkysten av Skottland og nedover i Irskesjøen. Først etter lang tids fredning, i 2014, kom dei første teikna på betring, med fleire nyetablerte lokale bestandar i Irskesjøen. Då hadde dei vore borte i over 40 år.
Med hetebølger i nærliggande hav, særleg i øvre lag, vil larvene også i større grad kunne overleve drifta rundt Nordsjøen og med atlanterhavsvatn direkte inn mot norskekysten.