Herold

Er du nysgjerrig på Skulebas? Snart kan du kome om bord på besøk

Kilde: Firdaposten Author: Svend Arne Vee Published: 2026-01-23 06:56:35
Er du nysgjerrig på Skulebas? Snart kan du kome om bord på besøk

Tysdag 11. og onsdag 12. februar får Florø storfint besøk når opplæringsfartøyet MS Skulebas frå Måløy vidaregåande skule legg til kai i byen.

Skulebas har gitt starten for mange ungdommar si karriere på sjøen. No vil dei gjerne vise fram fartøyet sitt, og byr florøværingar på besøk i midten av februar, melder Kinn kommune på sine heimesider.

Skulebas, som til vanleg har heimehamn i Måløy, skal ut på ein to vekers seglas der dei besøker kommunar i Nordfjord og Sunnfjord. Den første dagen blir det ope skip på kveldstid frå klokka 19, og påfølgjande dag har dei invitert ungdomsskulane i Florø og Eikefjord om bord på dagtid.

Under omvisningane før du møte lærarar og elevar frå vg1 teknologi- og industrifag, som deler opplevingar frå kvardagane om bord på fartøyet - og kva moglegheiter det ligg karrieremessig å ta ei slik utdanning.

Ope skip-dagane er gratis og ope for alle interesserte.

🏷️ Extracted Entities (7)

Skulebas (person) Florø (entity) Måløy (place) Eikefjord (place) Kinn (entity) Nordfjord (place) Sunnfjord (place)