Herold

Arbeidarpartiet sine vallovnader

Kilde: Firdaposten Author: Sveinulf VÄgene Published: 2026-01-23 10:35:45
Arbeidarpartiet sine vallovnader

OrdfĂžrar i Bremanger hevdar i innlegg i Firdaposten at valkamp og politiske svar i valgomatar berre handlar om haldningar og retningar. Det verkar som ho prĂžver Ă„ snakke bort vallovnadane til partiet i vindkraftsaka.

Det betyr dĂ„, i klartekst, at nĂ„r Ap gĂ„r til val pĂ„ eit valprogram, sĂ„ gjeld vallovnader berre fram til du er vald – og sĂ„ er det fritt fram Ă„ gjere som du vil. Dette kallar ho ansvarleg leiarskap. Det vitnar meir om manglande sjĂžlvinnsikt. Men, kanskje ho ikkje forstĂ„r kva ho har gjort:

Det ville vere meiningslaust Ä setje i gang ei utgreiing av ein bustad eller eit fiskeoppdrett, eller eit vindkraftverk, utan at ein og planlegg Ä gÄ vidare dersom utgreiinga seier at det er mogeleg. Men dersom det var slik at ordfÞraren planla Ä halde vallovnaden til partiet sitt sÄ mÄ ho og Ap seie nei til vindkraftverket uansett. Kvifor dÄ setje i gang ei utgreiing som vil bli svÊrt kostbar for Zephyr?

Ap sa i «Valdebatt frÄ Bremanger 23.08.2023 pÄ NRK radio» at «Ap har programfesta at det ikkje skal vÊre ytterlegare utbygging av vindkraft i kommunen». At det ikkje skulle kome meir vindkraft i Bremanger er noko Ap lova fleire gonger i valkampen.

Desse vallovnadene har Arbeiarpartiet, under leiing av ordfÞraren, brote dÄ dei sa ja til at Zephyr kan setje i gang med utgreiingar og planarbeid pÄ Myklebustfjella. DÄ opna dei for at det kan byggjast fleire vindkraftverk i kommunen. Ap har difor grundig brote vallovnadene sine i det som truleg var den viktigaste saka dei blei vald inn pÄ.

OrdfÞrar uroar seg for polarisering og mistillit. Kan det vere at det er politikarane sjÞlve som gjennom sine avgjerder og lÞftebrot er i utakt med innbyggjarane og er skuld i veksande mistillit? I eit normalt samfunn er det ikkje dei som pÄpeikar brot som er Ärsak til mistillit. Det er dei som bryt lovnader, og dansar rundt sanninga, som skaper mistillit.

Det krev storeadministrative ressursar i kommunen Ä behandle ei slik utgreiing. PÄ Moifjellet i Bjerkreim kommune er saksdokumenta i konsekvensutreiinga og planforslaget oppe i godt over 2000 sider som skal lesast, vurderast og behandlast. Kor mange av politikarane kjem til Ä lese alle saksdokumenta? Har Bremanger kommune kompetanse, og vilje, til Ä kvalitetssikre konsekvensutreiinga og planforslaget ut frÄ innbyggjarane og dei pÄverka sine behov?

Å bruke kommunens ressursar pĂ„ ei slik konfliktfylt, splittande og naturĂžydeleggjande prosjekt som denne vindkraftsaka er i seg sjĂžlv meiningslaust. Har ikkje administrasjonen i Bremanger kommune betre ting Ă„ jobbe med enn Ă„ setje i gang utgreiingar som politikarane mĂ„ seie nei til dersom dei skal halde vallovnadane sine?

Hadde det ikkje vore betre Ä bruke kommunens ressursar pÄ noko meir meiningsfylt som Ä behandle andre plansaker som ligg pÄ vent, som til dÞmes reguleringsplanen for Iglandsvik, og, ikkje minst, vedlikehalde skulane og symjebassenga som har fÄtt forfalle i tiÄr?

OrdfÞrar prÞverog Ä framstille det som om eg har sagt at dette er ei ferdig avgjord utbygging. Det er det sjÞlvsagt ikkje, for kommunen kan framleis seie nei. Dei kan blant anna seie nei til Ä gÄ vidare nÄr planprogrammet vert lagd fram om ikkje sÄ lenge. Seier dei nei dÄ, sÄ er saka ferdig og lÞftebrotet er reparert.

Det er ein merkeleg pĂ„standat brot pĂ„ vallĂžfte blir definert som ansvarleg leiarskap. Vi har nettopp sett grove brot pĂ„ vallĂžfte frĂ„ Arbeidarpartiet sentralt i siste valkamp. Har det vakse fram ein ukultur i Ap som gĂ„r pĂ„ at vallovnader ikkje treng haldast – ein kultur som smittar nedover i partiet til lokaldemokratia?

StÞre og Vestre blei etter kvart pressa til Ä beklage dei brotne vallÞfta sine. Kanskje det er pÄ tide at ordfÞrar i Bremanger, og fleire med ho, ogsÄ beklagar lÞftebrota sine?

đŸ·ïž Extracted Entities (8)

Bremanger (entity) Ap (entity) Zephyr (entity) Arbeidarpartiet (entity) Bjerkreim (entity) Iglandsvik (place) Moifjellet (entity) Myklebustfjella (entity)