Herold

Gigantinvesteringa me ikkje har råd til å sei nei til

Kilde: BA Author: Sølve Rydland Published: 2026-01-23 18:38:20
Gigantinvesteringa me ikkje har råd til å sei nei til

Dette kan i verste fall kosta nesten 10 milliardar. Det aller, aller dyraste er likevel å la vera.

Smartembed for https://www.ba.no/api/graff/v1/component/enkel-biografi?id=141407

I månadsvis har det meste som kan krypa og gå av norske toppolitikarar valfarta til Realfagsbygget på Universitetet i Bergen.

Det dei har fått høyra og sjå har verkeleg vore kontrastfylt.

Dei har nemleg fått møta heilt eksepsjonelle forskarar, som jobbar fram kunnskap me kjem til å vera heilt avhengige av i framtida.

Slike som Justas Zalieckas som lagar diamantar på laboratoriet på Nygårdshøyden.

Eit diamantbelegg som skal få banebrytande konsekvensar innan helse, innan romfart, innan elektronikk, og marin teknologi.

Eit av bruksområda er å laga hofteprotesar som hindrar at pasienten får betennelsar, som i dag er eit utbreidd problem.

Kontrasten handlar om at fasilitetane, bygningsmassen og det fysiske arbeidsmiljøet er fullstendig utdatert og har vore det i lang, lang tid.

Derfor er det veldig bra at Universitetet faktisk har greidd å vekka interessa frå rikspolitikarane.

Norge som kunnskapsnasjon er nemleg heilt avhengig av alt det viktige arbeidet som vert gjort i realfagsklynga sør på Nygårdshøyden. For Bergen er det eit spørsmål om å vera ein by som er attraktiv både for dei beste forskarane, men òg dei flinkaste studentane.

No er prosjektet framme ved ein særs viktig milepæl. Norconsult har nemleg levert kvalitetssikringsrapporten (KS1) som alle statlege milliardprosjekt må gjennom, før Stortinget kan ta stilling til realisering.

Rapporten inneheldt to gode og ei dårleg nyheit for Universitetet.

Den første gode nyheita er at alternativet som Universitetet aller helst vil ha kjem best ut av totalvurderinga til konsulentane.

Alternativet går ut på at det skal bygga eit nytt permanent bygg mellom Nygårdshøyden og Nygårdsgaten, som skal fungera som avlastingsbygg medan Realfagsbygget og Fysikkbygget i tur og orden vert totalrehabiliterte.

Alternativet vil i større grad enn i dag samla alle realfags- og teknologifagmiljøa ved Universitetet, og kjem klart best ut når det gjeld forventa kvalitet både når det gjeld forsking og utdanning.

Forslaget vil forsterka det som kanskje i dag er det aller største fortrinnet til UiB, nemleg eit kompakt sentrumsuniversitet med campus midt i byen.

Den openberre dårlege nyheita er at investeringane kjem til å kosta veldig mykje pengar, og at usikkerheita knytt til kostnadar er stor.

Om det meste går vegen, utan større overskridingar, reknar konsulentane med at prislappen kjem til å komma på 7,4 milliardar kroner.

Når ein tar høgde for risikoen i prosjektet aukar den estimerte prislappen til 9,6 milliardar.

Det vert vurdert som billegare å bygga nytt ein annan plass i byen, eller splitta opp fagmiljøa, men som konsulentane konkluderer; vil det svekka kvaliteten på forsking og utdanning.

Sjølv om prislappen er høg, er det uansett utgifter som vert fordelte over mange år.

Den siste gode nyheita, er eigentleg ei veldig dårleg nyheit, men som bør få fortgang i den politiske prosessen med å komma i gang med rehabiliteringa.

Det aller mest alarmerande med rapporten er nemleg at det aller dyraste ein kan gjera er å ikkje gjera noko, eller berre forsøka å flikka på det ein har på Nygårdshøyden.

Det vil ikkje berre vera dyrt for staten i kroner og øre, men kan føra til at avgjerande kunnskapsmiljø går tapt, og at tilstanden på bygga kan verta ein risiko for pågåande forskingsarbeid.

Eit døme: Laboratorium der ein har investert tid, pengar og innsats over mange år, og ventar på uerstattelege funn, kan verta stengde før forskarane har greidd å komma i mål med arbeidet sitt.

Viktig arbeid kan vera forgjeves og viktig kunnskap kan gå tapt.

Dette bør vera informasjon som verkeleg får politikarane på bana. Ikkje berre for å nikka anerkjennande til kor flinke forskarane og studentane på Nygårdshøyden er, men å faktisk sikra Universitetet i Bergen det økonomiske løftet som skal til.

Derfor vil ein av dei viktigaste politiske kampane i Bergen framover vera å sikra Universitetet i Bergen opp mot 10 milliardar kroner, slik at byen kan få fasilitetar som står i stil med kompetansen og potensialet til forskinga og utdanninga.

Her er det rett og slett berre å melda seg for alle politiske krefter i byen. Både næringslivet, kulturlivet, kunnskapssektoren og det politiske miljøet er avhengige av at finansieringa kjem på plass.

Alternativet er rett og slett ein by som tapar både posisjon, rykte og attraktivitet.

Dei kan òg skamlaust argumentera med at det faktisk er Bergen sin tur. Sidan 2015 har staten investert om lag 18 milliardar kroner i universitetsbygg både i Trondheim og Oslo.

Bergen har berre fått smular.

Det er likevelingen grunn til å berre gjera dette til ei historie om Bergen. Kunnskapen og fagmiljøa i realfagsklynga på Nygårdshøyden har nemleg global verdi.

Dette er nemleg folka som skal sikra at me skal greia å lagra meir Co₂, gjera sjuke folk og dyr friske, gjera kunstig intelligens meir intelligent, og gjera næringslivet i stand til å møta framtida. Ja, kva me skal leva av i framtida.

For at dette skal leva vidare må politikarane gjera smarte val, slik at smarte folk kan gjera jobben sin i det arbeidsmiljøet dei fortener.

Griegakademiet sikret, men dette forhatte bygget får kroner 0

No valfartar maktpersonane til dette forhatte bygget

Kor er du, Christine Meyer? Her treng byen tydlegare leiarskap.

Nå er han her igjen: Derfor digger kronprinsen Bergen

Forsvarsgigant har etablert over 200 jobber i Bergen: – Det er bare begynnelsen

Runa (19) kom inn på populært studie

🏷️ Extracted Entities (14)

Bergen (entity) Nygårdshøyden (entity) Universitetet (entity) Realfagsbygget (entity) Christine Meyer (person) Co₂ (entity) Fysikkbygget (entity) Justas Zalieckas (person) KS1 (entity) Nygårdsgaten (entity) Oslo (place) Stortinget (entity) Trondheim (place) UiB (entity)