Herold

Bydelsreform i det uvisse

Kilde: Groruddalen Avis Author: Kay Grue Thorsen Published: 2026-01-21 14:30:29
Bydelsreform i det uvisse

‱‱ ByrĂ„dets bydelsreform har blitt mĂžtt med ganske brei kritikk frĂ„ ulikt hald her i Groruddalen. ByrĂ„d Saliba Andreas Korkunc har i to innlegg her i avisa og i ulike mĂžte forsvart reformen. Han skal ha ros for bĂ„de Ă„ vera aktiv og open. Men sĂ„ langt er det vanskeleg Ă„ forstĂ„ kor innhaldet i [
]

Bydelsreform i det uvisse

‱‱ ByrĂ„dets bydelsreform har blitt mĂžtt med ganske brei kritikk frĂ„ ulikt hald her i Groruddalen. ByrĂ„d Saliba Andreas Korkunc har i to innlegg her i avisa og i ulike mĂžte forsvart reformen. Han skal ha ros for bĂ„de Ă„ vera aktiv og open. Men sĂ„ langt er det vanskeleg Ă„ forstĂ„ kor innhaldet i denne reformen vil ende.

‱‱ Det er riktig som Korkunc uttaler at mykje utgreiingsarbeid er gjort dei siste par Ă„ra. Likevel er det slik at dette arbeidet framleis pĂ„gĂ„r eller kanskje ikkje er starta opp, samtidig som den offisielle fristen for Ă„ spele inn synspunkt pĂ„ reformen er omme.

DĂ„ reformen blei sendt pĂ„ hĂžyring 16. oktober i fjor inneheldt den seks vedlegg i form av utgreiingsarbeid som ulike personar i Oslo kommune hadde utarbeidd. Eitt av vedlegga, vedlegg 1, var kalla «Utredning om barnehagedrift og – eierskap i Oslo kommune». PĂ„ side 22 i vedlegget stĂ„r det om barnehagesektoren at «Ressursbruk og produktivitet kan forbedres» og vidare at «Oslo kommune har et potensial for Ăžkt produktivitet og mer effektiv barnehagedrift». Det blir vist til behovet for effektiv bemanningsstyring og korleis tilgjengeleg kapasitet kan utnyttast. Bakgrunnen for dette finn ein i tabell 10 der det framgĂ„r at antall barnehageplassar pr. Ă„rsverk i Oslo kommune i 2024 hadde eit snitt pĂ„ 5,8 barn pr. tilsett mot landsnormen pĂ„ 6 (smĂ„barn tel to plasser). I bydelane Stovner og Alna var snittet 5,5 barn. SĂ„ stĂ„r det i rapporten at stĂžrre bydelar med stĂžrre barnehagar har eit potensial for Ă„ auke gjennomsnittet opp til normen og dermed redusere kostnaden pr. barn.

Å rekne slik er ganske meiningslaust. For utfordringane er ulike, og dermed kan og bĂžr ogsĂ„ talet pĂ„ barn i barnehage pr. bydel vera ulikt. Dessutan synest eg at det er nĂŠrast naivt og umusikalsk, med dei ulike utfordringar barnehagesektoren har, Ă„ peike pĂ„ at eitt tiltak for Ă„ redusere kostnader er Ă„ redusere bemanninga i forhold til tal pĂ„ barn. Det blir ikkje meir velferd ved at folk mĂ„ reise lenger for Ă„ levere og hente barn i stĂžrre bydelar med stĂžrre barnehagar og med redusert bemanning pr. barn.

Korkunc viser til (AAG 16. januar) at reformen skal gi bydelane auka ansvar for sikring av «flere parker og idrettsanlegg». Vedlegg 6 i rapporten har gjennomgang av temaet og gir argument for bÄde Ä sentralisere og desentralisere. Vedlegget legg vekt pÄ at det i dag «mangler perspektiv for nÊrmiljÞutvikling». Den legg vekt pÄ auka behov for samhandling mellom bydelar og etater, og meiner det bÞr lagast ein strategi for dette. Den peiker ogsÄ pÄ at tilrÄdde lÞysingar i bydelsreformen «i sum skal bidra til Þkt kostnadseffektivitet». Om alt dette stÄr det i rapporten at dette «medfÞrer behov for utredning og prosess for Ä komme frem til omforente lÞsninger» (side 111). Og rapporten konkluderer bl.a. med pÄ side 177 at byrÄdet Þnsker Ä overfÞre «forvaltning, drift, vedlikehold og oppgradering av flere parker, plasser og grÞntomrÄder med lavere kompleksitet (mi utheving)». Det stÄr ingenting i rapport eller vedlegg kva «lavere kompleksitet» er for noko, og idrettsanlegg er ikkje nemnt. Er det slikt som plenklipping og rensing av blomsterbedd? Vi mÄ vente pÄ nye utredningar.

Berre desse to eksempla underbygger at det er mykje ved denne reformen vi ikkje veit. DÄ er det ogsÄ uansvarleg Ä legge opp til Ä vedta reformen no i vÄr.

Norvald Mo,

sekretĂŠr Stovner Arbeiderparti

đŸ·ïž Extracted Entities (8)

ByrĂ„d Saliba Andreas Korkunc (person) Groruddalsdebatt 📁 (category) Groruddalsdebatt đŸ·ïž (keyword) Groruddalen (entity) Oslo (place) Stovner Arbeiderparti (person) AAG (entity) Alna (entity)

📊 Metadata

Category: Groruddalsdebatt
Keywords: Groruddalsdebatt