Å spele Trump god!
Tysdag fekk me sjå eit eklatent døme på korleis me kan spele Trump god. Dette i beste sende tid og i rein form på NRK Debatten.
Ein norsk toppolitikar med tungt ansvar på papiret, men utan det som no tel — strategisk klårsyn og vilje til å bera kostnaden ved våre alliert plikter. Trygve Slagsvold Vedum stod der, partileiar i Senterpartiet, tidlegare finansminister og medlem av forsvars- og utanrikskomiteen, og gjorde seg til talerøyr for den gamle norske refleksen: å gjera det alvorlege til det ubehagelege, og det ubehagelege til noko ein helst går utanom. Det var ikkje berre svikt i kunnskap om avskrekking han demonstrerte, det var svikt i karakter. Og det er nett slik statar endar med å tapa det dei prøver å vinne.
Churchill gav oss ei setning om dette som brenn nett fordi ho er så nøktern i forma og så brutal i implikasjonen: “You were given the choice between war and dishonour. You chose dishonour, and you will have war.” Det var ikkje retorikk for salongen, men eit uttrykk for den harde logikken i statskunst: vel du vanæra for å sleppa striden, får du striden likevel — berre seinare, dyrare, og med dårlegare utgangspunkt.
For nokre dagar sidan skreiv eg at Noreg no må stå rakrygga og samla bak våre broderfolk frå Danmark og Grønland. Mange har forstått at dette ikkje er ei avgrensa sak i Nord-Atlanteren, men ei prøve på truverd: om Europa og Noreg faktisk står ved folkeretten, allierte sin integritet og dei politiske grunnsetningane me seier me byggjer tryggleiken vår på. Diverre ser eg mange som vinglar, som prøver å gå utanom—i sosiale medium, i kommentarspalter, og no diverre òg frå sentrale politiske røyster. Folk som prøver å gjera den mest ansvarlege politikken til anten symbolpolitikk eller “provokasjon”. Det er her Vedum sin framferd vert meir enn ein enkel opptreden: han vert symptom på ei haldning som gjer Noreg strategisk lett å pressa, som sikrar at Trump kan vinne fram med sine røvertokt, taktløyse og brutalitet.
Kjernen i denne haldninga er ei overforenkling av avskrekking. Ein latar som om avskrekking berre handlar om kven som er sterkast i rein militær forstand: om eg kan stogga deg, avskrekkjer eg deg - om eg ikkje kan, er alt fåfengt. Då vert europeisk tilstadevering på Grønland avfeia som meiningslaus, sidan USA er overlegent. Men slik verkar ikkje avskrekking i røynda. Avskrekking handlar fyrst og fremst om å forma motparten si kost–nytte-vurdering: å få motstandaren til å sjå at sjølv om han kan vinna militært på kort sikt, så vil prisen—politisk, diplomatisk, økonomisk og strategisk—vera høgare enn gevinsten. Er motparten rasjonell, så vil den då avstå frå handlinga. Er motparten irrasjonell, som truleg Trump er, så vil ein likevel få effekt gjennom å påverke alt og alle kring han – og då særleg kongressen.
Det avgjerande i slike situasjonar er kven som framstår som mest forplikta, mest truverdig, og mest viljug til å bera risiko. Ei interesse har ikkje vekt fordi ho vert nemnd. Interessa får vekt når den vert gjort verkeleg gjennom handling. Difor er det ikkje nok å seia at ein “støttar” Danmark og Grønland. Dersom støtta aldri kostar noko, er bodskapen i praksis at interessa kan bytast bort ved press.
Det er herei avgrensa utplassering av europeisk—og norsk—militært personell på Grønland får sin strategiske funksjon. Slik militærmakt er ikkje meint å “vinna” militært over USA. Den er meint å gjera avskrekking truverdig ved å endra kalkylen på tre måtar.
For det fyrste:synleg forplikting. Ei reell tilstadevering syner at Grønland ikkje er ei laus periferi-sak som kan avgjerast med fait accompli. Miltære styrker gjer interessa konkret: “Dette står me for, og her tek me ein faktisk risiko.” I avskrekking er dette grunnstoffet i truverd. Ord utan handling gjer motparten frimodig; handling utan bråk gjer motparten varsam.
For det andre:kostnadsskifte frå sak til struktur. Ei open angrep på Grønland vil ikkje berre vera eit territorialt inngrep. Ei slik handling vil øydelegge folkeretten og alliert integritet, og med det totalhavarere heile den politiske bereevna i NATO og den transatlantiske tryggingsordninga. Då vert prisen for Washington ikkje avgrensa til Arktis. Eit angrep vert då eit tap av legitimitet, tillit, innverknad og langsiktig posisjon i Europa. Det er ein annan type tap enn det ein kan forklara bort som “midlertidig støy”. Utan danske og allierte styrkar på bakken, så opnar ein opp for ein fait accompli. Då reduserer me eit mogleg angrep frå å vere ei krigshandling mot allierte, til å vere nettopp «midlertidig støy».
For det tredje: strukturelle og delvis uvisselege kostnader. Avskrekking verkar ofte best når kostnaden ikkje berre er stor, men òg vanskeleg å føresjå, avgrensa og kontrollera politisk. Europa kan—om me vil—gjera brot på folkeretten dyrt i dei praktiske ordningane som amerikansk innverknad i Europa og verda kviler på. Me kan skape friksjon kring basar og vertlandsstøtte, innføre strengare vilkår for tilgang og samarbeid, etablere eit hardare teknologisikringsregime, og gradvis legge om innkjøp og industrisamarbeid. Ein treng ikkje truga med eit dramatisk brot i morgon, men ein kan gjere det sannsynleg at eit slikt brot vil bli utfallet. Det som verkar, er å skapa ei erkjenning av at overtramp kan utløysa ei kostnadsrekkje som veks over tid—og at vegen attende til “normal drift” vert lukka.
Her kjem òg det som ofte vert undervurdert i den norske debatten: avskrekking er ikkje berre retta mot éin president si vilje i eit augeblink. Den verkar mot eit system—kongress, administrasjon, opinion, institusjonar, næringsliv og allierte relasjonar. Nett difor må strategien vera fast, men ikkje triumferande; tydeleg, men ikkje audmjukande. Målet er å halda saka i ramma “folkerett og alliert integritet”, ikkje å gjera henne til nasjonal prestisje for USA som stat. Men å halda denne ramma krev at Europa faktisk viser nærvær og vilje. Elles vert saka definert av den som pressar.
Med dette som bakteppe vert Vedum sin opptreden meir enn pinleg. Den vert farleg. For når ein sentral norsk politikar reduserer avskrekking til ein naiv samanlikning av tal på fly og stridsvogner, og samstundes signaliserer uvilje til å ta sjølv avgrensa risiko for allierte, så gjer han to ting på ein gong: han svekkjer interessebalansen vår, og han freistar motparten til å tru at press løner seg. Det er den logikken Peer Gynt gjorde til livsregel: å gå utanom, og å vera seg sjølv nok. Og det er nett den logikken små statar ikkje kan kvile på om dei skal overleve i møte med hard makt.
Vedum si line er ei fallitterklæring. Eit knefall for den som pressar hardast. Let me slike syn leggja føringar for norsk åtferd no, sviktar me ikkje berre Danmark og Grønland, men Europa som politisk fellesskap. Me gjer oss sjølve til ein alliert utan truverde—ein part ingen kan lita på når prisen vert reell, og ein part som dermed heller ikkje vil verta teken på alvor når me sjølve treng støtte.
Vedum si line vil gjere oss til det tyskarane trudde me var 9. april 1940: eit samfunn som kapitulerer før kampen er ført – eit samfunn som friviljug bøyer seg for overmakta. Og verre: me aukar sannsynet for at makt kan verta brukt mot Grønland—og at den som brukar makt, slepp unna. Defaitisme og kunnskapsløyse er ikkje berre uheldig no, det er ein invitasjon til press, og ei oppskrift på tap.Difor: stå ikkje med store ord, men med det som tel når ord vert prøvde. For i denne stunda er det nett det Ibsen lét Brand krevja av oss: «Intet eller alt.» Anten er alliert plikt og folkerett verkelege, og då må dei ha ein pris me er viljuge til å bera, eller so er dei berre pynt på ein politikk som kollapsar ved fyrste press. Halvvegen er ikkje ein trygg veg - det er berre ein mjuk måte å gje seg på. Lat oss ikkje velja den norske freistnaden til å krypa unna, og kalla det klokskap. Lat oss velja det som verkar: å gjera interessa truverdig gjennom nærvær, vilje og risiko—før andre tek avgjerda for oss.