Dei tar over Førdepakken
Marius Slinde og Malen Røysum skal leie gigantprosjekta i Førde sentrum vidare.
(FIRDA:) Som tidlegare meld skal prosjektleiar for Førdepakken, Erling Varlid, ut i pensjonistanes rekker ved månadsskiftet februar/mars.
No har Statens vegvesen og fylkeskommunen sett inn to nye prosjektleiarar for å erstatte han:
Marius Slinde for vegvesenet og Malen Røysum for Vestland fylkeskommune.
Delinga skuldast at fylket skal ha ansvar for fylkesvegane, hovudsakeleg brua mellom Hafstad og Førdehuset og Storehagen, vegen forbi Firda billag.
Vegvesenet skal ha Angedalsvegen, Kyrkjevegen og gangbrua ved Elvekanten.
Brua mellom Førdehuset og Hafstad går inn i ein spanande fase:
– Vi er no i gang med å sette oss inn i planane, og førebur oss til grunnervervsprosessen. Målet er å kunne lyse ut dette prosjektet i slutten av 2026, med oppstart i 2027. Vi gler oss til å realisere eit viktig prosjekt, og ser fram til eit godt samarbeid med Vegvesenet, kommunen og andre partar, seier Røysum.
Styringsgruppa vil som tidlegare bestå av representantar frå dei tre eigarane i Førdepakken; Statens vegvesen, Sunnfjord kommune og Vestland fylkeskommune.
– Endringane i prosjektleiinga vil i praksis ha lite å seie for korleis gjennomføring og styring av dei resterande prosjekta i Førdepakken skjer. Vi kan også legge til at samansetninga i styringsgruppa held fram som før, seier Kjartan Hove i ei pressemelding.
Han representerer Vegvesenet og er leiar av styringsgruppa.
Førdepakken har pengar til overs: – Det er håp
Reknar med byggestart i mai
Nektar å betale etter eksperthjelp