Framlegget frå desember er ikkje godt nok. Kom med noko betre
Når kutta skal fordelast, kan ikkje Lærdal bli sitjande igjen med ein så stor del av byrda. No må vi få noko betre.
Eg har jobba på kjøken. Eg er verken sjukepleiar eller lege, men eg har erfart, og eg kjenner alvoret når dine næraste treng helsehjelp. Sjølv om det er tilfelle der ein bør reise langt for å få ei spesialisert behandling, så er det likevel meir enn nok av tilfelle der det er vårt lokale sjukehus er det avgjerande.
Traumeteam eller ei, så har det samla tilbodet på sjukehuset i Lærdal ei klar betydning for den samla beredskapen i Sogn. I framlegget frå desember blir sjukehuset i Lærdal sitjande att med for lite fagfolk, og for mykje tomrom.
Eg forstår at Helse Førde ikkje berre kan feie pengeproblema under teppet. Sjølv om det ville gjort oss letta i dag, ville berre gjelda, sparekniven og kutta blitt endå meir grusomme til neste år.
Eg forstår at mindre kutt i Lærdal vil føre til meir kutt i Førde. Sjølv om det heller ikkje er noko triveleg, så står eg for det. Fordelinga må vere meir rettferdig. Lærdal sjukehus kan ikkje bli sitjande igjen med ein så stor del av byrda.
Sidan oktober er vi mange som har kjempa. Sjølv har eg fått god draghjelp frå både innbyggjarar og våre ordførarar i Sogn. Når vi er redd for å miste noko som er viktig for oss er det ikkje rart om vi blir forbanna.
Brorparten av påverkingsarbeidet kjem sjeldan på trykk. Frå utsida forstår eg godt at det ser frykteleg treigt ut, men her er mitt krav til Helse Førde:
Framlegget frå desember er ikkje godt nok. Når kutta skal fordelast, kan ikkje Lærdal bli sitjande igjen med ein så stor del av byrda. No må vi få noko betre.