Riksantikvaren: Giftfunn i fleire freda bygg – kan også gjelda mange private bygg
Riksantikvaren er bekymra etter at ein ny studie har avdekt høge nivå av farlege giftstoff frå tidlegare konserveringsprosessar på gamle, freda bygg.
– Samfunnet treng meir kunnskap om konsekvensane av tidlegare tiders bruk av miljøgifter. Det gjeld også bygningsvernet, seier riksantikvar Hanna Geiran i ei pressemelding.
Ei gruppe forskarar frå Telemarksforsking, Norsk Folkemuseum og klima- og miljøinstituttet NILU har undersøkt ni freda bygg i Noreg, blant dei Lom, Urnes og Kaupanger stavkyrkje.
Studien har avdekt høge nivå av farlege, gamle kjemikaliar som heng igjen frå tidlegare konserveringsprosessar. Mellom anna vart det i etterkrigstida teke i bruk insektmiddel som viste seg svært effektive, men som seinare vart forbodne i Noreg etter at ein oppdaga skadeverknadene.
Kan gjelda private bygg
Urnes stavkyrkje vart mellom anna pakka inn i plast og behandla med den giftige gassen fosfin mot husbukk så seint som i 1983.
Berre ni bygg er undersøkte i studien. Riksantikvaren påpeikar at dei giftige stoffa var tilgjengelege også for privatpersonar, og at det difor er usikkert kor mange gamle bygg i Noreg som også kan ha tilsvarande høg grad av giftstoff.
Forskingsdirektør i NILU Pernilla Bohlin Nizzetto seier det er mykje ein kan gjera sjølv for å redusera potensielt farleg støv i gamle bygg.
– Å sørgja for normalt godt reinhald ved å våtmoppa golv, støvsuga, tørka støv med fuktig klut og lufta hjelper deg langt på veg, også mot nyare miljøgifter, seier Nizzetto.
– Det er likevel spesielt viktig å ta forholdsreglar ved ombygging og endringar av bygningane. Handverkarar bør vera spesielt aktsame og verna seg sjølve med maske og eventuelt vernedrakt, og dei må også tenkja på at gamle bygningsrestar kan vera farleg avfall, seier ho.
I tvil? Ta kontakt med Riksantikvaren
Riksantikvar Hanne Geiran seier det ofte kan vera vanskeleg å finna historikken til eit gammalt bygg for å sjekka korleis det har vorte behandla opp gjennom tidene. Men det finst måtar å sjekka dette på, understrekar ho:
– Om bygningen din er freda, kan du ta kontakt med fylkeskommunen eller Riksantikvaren, så skal vi undersøkja kva vi finn om eigedommen i dei gamle arkiva våre, seier ho.
– For bygningar som ikkje er freda, kan kommunen ha noko dokumentasjon i arkiva sine, og høyr gjerne med tidlegare eigarar om det er mogleg, seier Geiran
🔗 Related Articles (6)
View Graph