Herold

Framleis stor skilnad på Kong Salamo og Jørgen Hattemaker

Plus
Kilde: TK Author: Gunhild Rolandsen, pensjonert sjukepleiar, Molde/Hustadvika Published: 2025-11-28 06:05:26
Framleis stor skilnad på Kong Salamo og Jørgen Hattemaker

Lønnspåslag

Sluttpakkar

Større utgifter

I oktober kunne vi lese i Romsdals budstikke: «Sjukehuset på Hjelset må kutte 136 millioner kroner, tilsvarende 104 stillinger» (Bak betalingsmur)

For nokre dagar sidan stod følgjande i same avis: «Avslutning av arbeidsforhold må også være en av mulighetene. Det er siste utvei». (Bak betalingsmur)

Det er administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal som utalar dette. Det er altså snakk om resultat av dei store kutta som blir i sjukehusa våre på grunn av dei tildelte midlane.

Sjukehusa er definert som foretak og blir nesten aldri kalt sjukehus lenger, men foretak.* *Det skal omstillast og reduserast. Tilsette skal jobbe smartare og ein ska få meir ut av kvar krone. Men fotfolket har alltid jobba smart og har sjeldan hatt god tid til å setje seg ned. Stort sett må ein springe frå den eine arbeidsoppgåva til den andre.

Mykje av dei tildelte midlane går til å betale renter og avdrag for lån til Staten for dei nødvendige investeringane som har vore gjort dei seinare år, som SMR Hjelset, og ved Ålesund sjukehus.

I same avis las vi også: nå har HMR-styret bestemt størrelsen på lønnspåslaget for administrerende direktø: .«Styret for Helse Møre og Romsdal vedtek at administrerande direktør si faste lønn justerast med 4,4 prosent med verknad frå 1. januar 2025. Justeringa er i tråd med frontfagsoppgjeret mellom LO og NHO, og innanfor den gjennomsnittlege ramma av årets forhandlingar i HMR.»

Dette tilsei ei lønsauke på nær 100.000 kroner, heilt konkret 94.864. Ny løn for adm. dir. blir derved kr 2.250.864. I tillegg har han dekt pendlarbustad i Ålesund, bil og ei heimreise pr veke, pluss fri telefon og avisabbonement.

I Dagens medisin har direktørlønene vore mykje omtalt dei siste dagane. Av dei regionale direktørane var det Marit Lind i Helse Nord som sist var fastsett. Stort sett har dei regionale direktørane fått frå 4,2 til 4,4 prosent i lønsjustering.

Dette fører til at heile tida stig skilnadane mellom dei høgtløna og dei som arbeider direkte med pasientane. Dei som det blir omtalt skal jobbe smartare, må omstille seg o.s.v. Og om det er heilt nødvendig: Må avslutte arbeidsforholdet, d.v.s bli oppsagt og finne seg eit anna arbeid. Det er jo ofte kombinert med sluttpakkar.

Altså å få løn utan å gjere ein jobb i ein viss periode. Likevel, det er oftast store skilnader på sluttpakkar til ordinære arbeidstakarar og direktørar når dei ein sjeldan gong må gå. Er det særleg lønsomt å la folk slutte og «betale dei» for det?

Og medan enkelte får dekt reisekostnader og bustad når dei har valgt ein jobb langt frå der dei bur, så får fotfolket ekstra kosnadar knytt til arbeidsreisa si p.g.a bompengar på ny arbeidsveg når arbeidsplassen blir flytta. (Les nytt sjukehus)

Det er sjølvsagt ikkje snakk om å dekkje slike utgifter. Det blir sikkert av mange regna som småpengar, men 32 kroner pr passering med brikke, blir 64 kroner. Per vakt, og i tillegg kjem parkeringa på kroner 15 (og dette stig vel også frå nyttår). I tillegg er alle avhengig av å ha ein telefon. Der kjem spørsmåla om ekstravakter, nødvendige beskjeder som går ut som masseutsendingar o.s.v. Dette blir dekt av kvar einskild arbeidstakar.

Eg berre nemner det, og stiller eit spørsmål ut i lufta, eller aller helst til folk med «makt og mynde»; Kor lenge skal vi tru på at midlar ikkje finst, når Regjeringa kan tillate slike direktørløner, og ikkje ein gong synest at dei er i høgste laget?

Samtidig er det er sterk bekymring på at vi ikkje har nok folk til velferdstenestene i framtida. Kva med å ta vare på dei som gjer jobben nærmast pasienten?

Her er det i grunnen berre å stadfeste at det framleis er stor skilnad på Kong Salamo og Jørgen Hattemaker.

Det vil skape mange utfordringer hvis tilbudene fra nevropsykologene ved SNR Hjelset forsvinner

Rapport fra Hjelset

Helse Midt-Norge vil ha tett dialog med Helse Møre og Romsdal for å etablere en langsiktig løsning på de økonomiske utfordringene

Tilbakeblikk på den spesialiserte rehabiliteringstenesta i Møre og Romsdal