Herold

Smell frå den nye transformatorstasjonen

Kilde: Vaksdalposten Author: Kent Amundsen Published: 2026-01-17 04:00:00
Smell frå den nye transformatorstasjonen

Torsdag sist veke starta arbeidet med å samanskøyta kraftleidningar ved Dale Transformatorstasjon. Dette vert gjort med sprengladningar, og det gjev høgre smell i bygda.

Førre gong liknande arbeid vart gjort, var i juni 2025, men denne gongen vil all sprenging gå føre seg inne på transformatoranlegget i Elvevegen på Dale.

- Same som i sommar

- Det vert på same måte som i sommar, der me kjem til å detonera 22 ladningar på høgspentanlegget på Dale. Dei næraste naboane er varsla med lapp i posten, og me har også varsla med annonse i lokalavisa, fortel Daniel Alexandersson, som er anleggsleiar hjå AF Elkraft.

AF Elkraft, som gjer jobben, er tidlegare kjent som Eviny Solutions, som blei kjøpt opp av AF Gruppen sommaren 2025.

Sporadiske detonasjonar

Tidsrommet som er oppgitt er mellom 15. og 24. januar.

- Det kjem til å bli skote sporadisk i denne perioden, mellom klokka 08.00 og 18.00. Folk blir varsla med sirener både før og etter detonasjonen, slik me er pålagt å gjera, seier anleggsleiaren.

Sprengskøyting

Ved sprengskøyting vil koplinga bli pressa på leidningen med ei sprengladning. Når ladninga går av i lufta, vil det komma eit høgt smell. Det kan vera ca. fire skøyter ved kvar av dei mastene skøytinga skal gjennomførast, opplyser Statnett.

Ny trafostasjon på Dale i rute: - Eit kritisk knutepunkt for Vestlandet

HMS-pris til entreprenørselskap som har storoppdrag på Dale

Naboane var nysgjerrige på ny transformatorstasjon

Ny transformatorstasjon på Dale

Arbeidet med ny transformatorstasjon til over ein halv milliard har starta

🏷️ Extracted Entities (8)

Dale Transformatorstasjon (organization) AF Elkraft (organization) AF Gruppen (organization) Daniel Alexandersson (person) Elvevegen (entity) Eviny Solutions (person) Statnett (entity) Vestlandet (entity)