Herold

Norsk mjøl – kor får ein kjøpt det?

Kilde: Vaksdalposten Author: Inge Hjertaas, pensjonist, Hagavik Published: 2026-01-18 11:28:43
Norsk mjøl – kor får ein kjøpt det?

Eg ser i Vaksdalposten 4. desember at Ole-Johannes Larsen er kritisk til mjølutvalet i lokale butikkar. Han må nok utanfor kommunen når han skal kjøpa vaksdalsmjølet, og byta til ein kjede som har utgangspunkt i Trondheim.

Kvar får eg kjøpt mjølet mitt til julebaksten?

Eg skal ikkje driva reklame, men firmaet har ein logo med markant innslag av blått, og er sikkert glade for å behalda mjølkundane sine i Vaksdal.

Sjølv om dei har sponsa eit heilt anna lag enn Brann, tilrår eg at vi får bita i det sure eplet i dette tilfellet, og støtta det som kjem frå mølnæ.

Litt ekstra lommepengar til trønderane kan vel også bidra til at dei ikkje kjøper seg hytte i Sveits?

Inge Hjertaas

- Me vil behalda noverande møllestruktur så lenge det er mogeleg

Norgesmøllene skal lagra halvparten av beredskapskornet

- Mølla på Vaksdal er av dei viktigaste bedriftene i fylket

🏷️ Extracted Entities (6)

Vaksdal (place) Brann (entity) Inge Hjertaas (person) Ole-Johannes Larsen (organization) Sveits (entity) Trondheim (place)