- Vassleidningsbrot på Dale
Søndag ettermiddag melder Vaksdal kommune om vassleidningsbrot på Dale.
- Det har oppstått eit større vassleidningsbrot på Dale. Me arbeider med å retta feilen. Vassforsyninga kan bli stengt medan arbeidet pågår. Kommunen kjem tilbake med meir informasjon så snart me veit meir, går det fram av ei melding like etter klokka 16.
Det vert opplyst at berørte husstandar er varsla.
- Vasslekkasjen skal omfatta området Holhovden og Dalseiddalen. Me er i gang med søk, og vatnet kan bli stengt i store delar av området til lekkasjen er lokalisert og utbetra, opplyser Vaksdal kommune.
I Dalseiddalen
I 16.30-tida vart ein vasslekkasje lokalisert til Postvegen i Dalseiddalen. Arnkjell Jordalen i Vaksdal kommune opplyser at det vil ta ei tid før ein har fått reparert vassleidningsbrotet.
- No først må me grava oss ned til brotet, og så kjem det an på kva som må gjerast og om me har delar her lokalt - eller dei må hentast i Bergen. Men dette vil ta ein del timar, ingen tvil om det, seier Jordalen.
Omkopling
Han opplyser at ein vil prøva å stengja av og kopla om vassforsyninga, slik at berre området frå Postvegen og innover Dalseiddalen er utan vatn, iallfall i periodar.
- Me nyttar mannskap som var på vakt på brøyting og i brannvernet no, så me får håpa det ikkje vert behov for brøyting eller strøing, seier Jordalen.
Høgt vassforbruk
Brede Tjønneland opplyser at det gjekk ein alarm tidlegare søndag frå vassbassenget i Polleruden, om at det var meir enn dobbelt så høgt vassforbruk som normalt.
- Då tyda alt på at me hadde ein vasslekkasje i systemet, og me leita oss fram til Postvegen, der det er tydeleg at vasslekkasjen er. Så no må me grava oss ned og så kva me finn, seier Tjønneland til VP.
Leitar etter hovudbrotet
I 18.30-tida opplyser John Erik Anfinsen i Vaksdal kommune at brotet ein fann i Postvegen, ikkje er hovudbrotet.
- Det er eit anna brot som må reknast som hovudårsaka til problema, så utover kvelden vert det jobba med å lokalisera dette. Det vil seia at vassleidningsbrotet i Postvegen ikkje vil løysa problema, seier Anfinsen.