Etablering av detaljhandel på Dalegarden
LESARINNLEGG: Administrasjonen har lagt fram forslag til reguleringsplan for Dalegarden. Der opnar dei opp for etablering av detaljhandel, det vil mellom anna seia daglegvarehandel. Det er mange grunnar til å vera skeptisk til forslaget og lite å vinna for lokalsamfunnet om dei vert gjennomførte.
På Dalegarden ligg eit av dei mest interessante historiske områda på heile Vestlandet. Det er stort sett området som i dag heiter Storåkeren. Der er det mellom anna restar av eit palisadeverk og ein rundveg. Dette funnet er så spesielt at det har nasjonalt verde, meiner professor Indrelid, som var leiar ved utgravingane som vart gjort i 1990-åra.
- juni 2022 hadde eg eit lesarinnlegg i VP om dette. Eg viste då til eit foredrag av professor Indrelid om utgravingane på Dalegarden. Etter foredraget fekk Ole Petter Lien og underteikna ein kort samtale med Indrelid. Der skisserte han nokre interessante tankar om korleis Vaksdal kommune kunne utnytta dei mogelegheitene som låg i funna som var gjort. Kanskje kan ein bygga opp att dette tunet med palisade slik det truleg hadde sett ut i si tid? Kanskje kan ein sette opp nokre hus i stilen frå den tida, dvs. ca. År 4-500 e.Kr? Dette må i så fall gjerast i samarbeid med fagfolk frå UIB.
Dalegarden – eit opplevingssenter – om me vil
Indrelid poengterte vidare kor særeigen denne staden var. Han samanlikna den fyrst og fremst med Forsand i Ryfylke, men dei hadde ikkje slik palisade eller steinsett rundveg/holveg som ein har på Dalegarden. Namnet rundveg/holveg kjem av at vegen er bua og ikkje flat i botnen, noko som gjer den ueigna til køyring med hjulvogner. Det tyder på at dei ikkje brukte hjul på den tida. Det er funne svært få restar av slike rundvegar i nasjonal samanheng, og kvar meter av ein slik veg er eineståande, meinte professor Indrelid. Og la til at kombinasjonen av ein slik veg og palisaden, er endå meir eineståande.
Det er truleg ikkje for seint for kommunen å gjennomføra eit slikt prosjekt dersom UIB enno er interessert i å samarbeida om det. Men det krev at kommunen er villig til å gjera dei naudsynte tiltaka som må til. Det vil blant anna føre med seg at ein ikkje skaper unødige visuelle kontrastar i terrenget som bryt for mykje med korleis fagfolk og publikum kan sjå for seg korleis landskap og terreng såg ut då innbyggjarane bak palisaden budde der. Difor ynskjer arkeologiske fagmiljø større omsynssoner rundt slike stadar som Storåkeren enn dei obligatoriske 5 meter som «Planomtale for Dalegarden» omtalar.
Vidare peikar riksantikvaren på at eit massivt varehus i nærleiken av eit verna kulturmiljø kan ha ein øydeleggjande effekt på integriteten. Den visuelle dominansen av store lagerhallar og asfalterte parkeringsplassar bryt med den historiske skalaen og den estetiske kvaliteten som gjer desse stadane unike. Vidare kan utbygginga føre til direkte skadar på automatisk freda kulturlag ved grunnarbeid og fundamentering.
Jernia er nettopp lagt ned etter sviktande omsetnad. Coop Hordaland har sagt klart frå at dersom det vert etablert varehus på Dalegarden så vil dei vurdera framtida til Coopbutikkane på Vaksdal og Stanghelle. Tilpassingar til Coop i Dale sentrum er sett på vent. Andre butikkar slit med dårlege marginar. Detaljhandel på Dalegarden kan føre med seg at dei òg må avvikla. Slik får me eit daudt sentrum. Det finst solid forsking og dokumentasjon på at dette er vanleg utvikling der det vert etablert varehus utanfor sentrum, særleg på små stadar.
2 forskingsinstitusjonar, TØI (Transportøkonomisk Institutt) og NIBR (By og regionforskingsinstitutt – OsloMet), er heilt eintydige. Ei slik etablering er alltid til skade for sentrum, både for handel i sentrum og det sosiale livet der. Det er òg skadeleg for antal arbeidsplassar då nyetablerte varehus i stor grad nyttar seg av ubetjente kassar og legg til rette på alle vis for strukturar som medfører så få tilsette som mogeleg. Dei vil alltid på alle vis freista minimera kostnader og maksimera effektivitet.
Dersom ein må dra til Dalegarden for å handla ulike varegrupper, fører dette til store problem for eldre folk og folk som må nytta rullestol, rullator eller ikkje disponerer bil. Det vil også medføra auka bilbruk med dei skadelege miljøeffektane det inneber.
Politiske parti som omtala både kultur og miljø i positive vendingar i partiprogramma sine, har no sjansen til å visa at dette er meir enn tomt prat, og om dei tar forskingsresultata som føreligg på alvor. Dei kan ikkje venta at veljarane vil sjå positivt på om det er stor avstand mellom partiprogrammet og den praktiske politikken dei fører. Det kan lett føre til meir politikarforakt. Det har i nokre tilfelle vore vel fortent. Me treng politikarar med ei litt anna haldning no.
I dag er det ofte lett å finne ut kva konsekvensar ulike vedtak vil medføra. Forskingsresultat er ofte lett tilgjengelege. Når ein har slike seriøse forskingsresultat å forholda seg til så har ein også i stor grad fasiten på problemet. Ein kan lett få det inntrykket at ikkje alle politikarar er like flinke alltid til å skaffa seg innsyn i kva konsekvensar vedtaka deira medfører. Det er ikkje tryggleiksskapande. Dei har trass alt fått ein tillit frå oss veljarar til å ta viktige avgjersler for oss. Alle politikarar burde kjenna på dette ansvaret og ta konsekvensen av det.
Eg vil oppfordra dei som enno ikkje har gjort det til å skrive seg på listene som er lagt ut i dei ulike butikkane i kommunen. Vidare vil eg sterkt oppfordra alle til å senda inn høyringssvar på dette. Det ligg ein mal i lesarinnlegget i VP frå Leif Inge Eide 9. januar som kan nyttast.
Mvh Jan Steinar Solheim Leiar Raudt Vaksdal
Nei til detaljhandel på Dalegarden – send inn høyring
- Eit godt grep, meiner næringsselskapet. Dugnad for Dale fryktar kroken på døra