Herold

Jobbar framleis med vassleidningsbrot på Dale

Kilde: Vaksdalposten Author: Esben Hesjedal Published: 2026-01-19 14:06:06
Jobbar framleis med vassleidningsbrot på Dale

Vaksdal kommune har måndag framleis utfordringar med vassforsyninga på delar av Dale.

Det var søndag ettermiddag at det først vart meldt om unormalt stort vassforbruk på Dale, noko som indikerte eit vassleidningsbrot. Dette vart lokalisert til Postvegen i Dalseiddalen.

Her kunne ein sjå vatn på overflata, og ein førebudde gravearbeid for å finna brotet og utbetra dette.

- Endå eit brot

- Det viste seg etter ei tid at dette ein først fann, ikkje var hovudårsaka til problema. No jobbar ein med å finna ut kvar eit større brot er, noko som også er i Postvegen, men ein annan stad i denne vegen, opplyser kommunikasjonsansvarleg i Vaksdal kommune, John Erik Anfinsen.

Han fortel at når brotet er lokalisert, vil ein grava seg ned og reparera det.

- Vassleidningsbrot på Dale

Vatnet kan komma og gå

Vatnet i området Holhovden vart sett på søndag kveld, etter ei omkopling. Natt til måndag fekk også dei som bur i Dalseiddalen tilbake vatn i springen.

- I samband med feilsøkinga måndag ettermiddag, vil vatnet kunna verta kopla av og på. Så, når sjølve jobben skal gjerast, må nok vatnet stengjast igjen. Dei som bur i områda dette gjeld, vil få melding frå kommunen, opplyser Anfinsen.

🏷️ Extracted Entities (6)

Dale (entity) Dalseiddalen (entity) John Erik Anfinsen (person) Postvegen (entity) Holhovden (entity) Vaksdal (place)