Straumbrot i Stamnes og Eksingedalen vart raskt retta
Tysdag morgon melde BKK om eit straumbrot i indre strøk av Vaksdal kommune, men det vart raskt fiksa.
Straumbrotet vart først registrert klokka 07.33, og dü var meldinga at utfordringane i straumnettet var forventa løyst klokka 10.30.
Men ein halvtime seinare vart det meldt at feilen var utbetra.
Ifølgje den første meldinga frü BKK var vel 500 straumkundar rüka.
Pressevakt i BKK, Henrik Wiedswang Horjen, stadfestar at det var eit straumbrot tysdag morgon.
- Det var ein teknisk feil i nettet som raskt vart retta. 542 kundar var ein kort periode utan straum. Ein kopla inn att kundane litt etter litt, og klokka 08.14 hadde alle kundane straum igjen, seier Wiedswang Horjen.
đˇď¸ Extracted Entities (5)
BKK
(entity)
Eksingedalen
(entity)
Stamnes
(place)
Henrik Wiedswang Horjen
(person)
Vaksdal
(place)